Ian Samwell
Ian Ralph Samwell (19. januar 1937–13. mars 2003) var ein engelsk musikar, songar-låtskrivar og plateprodusent.[1] Han er mest kjend som låtskrivaren av debutsingelen til Cliff Richard, «Move It»,[2] og tilknytinga hans til rockebandet America, som han hadde sin største kommersielle suksess for med hitsingelen «A Horse with No Name». [2] Han arbeidde òg med rockeband som Small Faces, The Grateful Dead, Frank Zappa, Joni Mitchell,[3] John Mayall og Hummingbird.
Ian Samwell | |||
Fødd | 19. januar 1937 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Lambeth i South London i England | ||
Død | 13. mars 2003 (66 år) | ||
Dødsstad | Sacramento i California i USA | ||
Fødenamn | Ian Ralph Samwell | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1958–2003 | ||
Instrument | gitar | ||
Tilknytte artistar | The Drifters, America | ||
Plateselskap | |||
Verka som |
|
Samwell skreiv for mange andre britiske artistar, mellom anna Joe Brown, Elkie Brooks, Kenny Lynch og Dusty Springfield.[1] Fleire av songane hans vart spelt inn på spansk av den meksikanske gruppa Los Teen Tops og vart gitt ut i Latin-Amerika og dei spansktalande områda i verda. Han arbeidde òg som plateprodusent med Sounds Incorporated, Georgie Fame, John Mayall og mod-bandet The Small Faces,[1] der han var med på å skriva hitsingelen «Whatcha Gonna Do About It» frå 1965.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ian Samwell» frå Wikipedia på engelsk, den 17. april 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Colin Larkin, red. (2002). The Virgin Encyclopedia of Fifties Music (3. utg.). Virgin Books. s. 378. ISBN 1-85227-937-0.
- ↑ 2,0 2,1 Mindy, Giles (20. mars 2003). «Ian Samwell, the father of British rock». Newsreview.com.
- ↑ 3,0 3,1 «Ian Samwell Obituary». The Guardian. 27. mars 2003. Henta 17. april 2023.