Ibn Saud av Saudi-Arabia

(Omdirigert frå Ibn Saud)

Abdulaziz Ibn Saud (15. januar 18779. november 1953), best kjend som Ibn Saud, var grunnleggjaren og den første kongen av Saudi-Arabia. Han samla riket som omfattar størsteparten av Den arabiske halvøya gjennom å erobra Nedsjd, Hedsjas og Asir frå 1900 til 1934. Ibn Saud hadde fleire titals barn, mellom dei alle etterfølgjande kongar av Saudi-Arabia.

Ibn Saud av Saudi-Arabia

Konge av Saudi-Arabia
Arabiskعبد العزيز بن عبد الرحمن آل سعود
Abd al-`Azīz bin Abd al-Rahmad Āl Sa`ūd
Fødd15. januar 1877
FødestadRiyadh
Død9. november 1953
DødsstadTa'if
GravstadAl Oud cemetery
EtterfølgjarSaud bin Abdulaziz
Gift medFahda bint Asi Al Shuraim, Hassa bint Ahmed Al Sudairi, Al Jawhara bint Musaed Al Jiluwi, Baraka, Sharifa bint Saqr Al Fajri, Wadhah Bint Muhammad, Sarah bint Abdullah bin Faisal, Tarfah bint Abdullah Al Sheikh, Lulua bint Salih Al Dakhil, Haya bint Sa'ad Al Sudairi, Munaiyirah
DynastiHuset Saud
FarAbdul-Rahman bin Faisal
MorSarah Al Sudairi
BornSaud av Saudi-Arabia, Feisal av Saudi-Arabia, Khalid av Saudi-Arabia, Fahd av Saudi-Arabia, Abdullah av Saudi-Arabia, Salman av Saudi-Arabia, Turki I bin Abdul-Aziz Al Saud, Muhammad bin Abdulaziz Al Saud, Nasser bin Abdulaziz, Saad bin Abdulaziz, Mansour bin Abdulaziz Al Saud, Nayef bin Abdul-Aziz Al Saud, Latifa bint Abdulaziz, Bandar bin Abdulaziz Al Saud, Mishaal bin Abdulaziz Al Saud, Seeta bint Abdulaziz Al Saud, Mamdouh bin Abdulaziz, Al Jawhara bint Abdulaziz Al Saud, Al-Bandari bint Abdul-Aziz Al Saud, Abdul Ilah bin Abdulaziz Al Saud, Mashhur bin Abdulaziz Al Saud, Fawwaz bin Abdulaziz Al Saud, Badr bin Abdulaziz Al Saud, Hazloul bin Abdulaziz Al Saud, Abdul Majeed bin Abdulaziz Al Saud, Turki II bin Abdul-Aziz Al Saud, Talal bin Abdulaziz Al Saud, Ahmed bin Abdulaziz Al Saud, Sultan bin Abdul Aziz, Abdul-Rahman bin Abdul-Aziz Al Saud, Mutaib bin Abdulaziz Al Saud, Muqrin av Saudi-Arabia, Sattam bin Abdul-Aziz Al Saud, Nawwaf bin Abdulaziz Al Saud, Musa'id bin Abdulaziz Al Saud, Thamir bin Abdulaziz Al Saud, Hamoud bin Abdulaziz Al Saud, Abdul Muhsin bin Abdulaziz Al Saud, Majid bin Abdulaziz Al Saud, Mishari bin Abdulaziz Al Saud, Haya bint Abdulaziz Al Saud, Luluwah bint Abdul-Aziz Al Saud, Sultana bint Abdul-Aziz Al Saud, Nura bint Abdulaziz, Munira bint Abdulaziz, Anud bint Abdulaziz, Nouf bint Abdulaziz Al Saud

Liv og virke

endre

Ibn Saud vart truleg fødd i 1876 i Riyadh. Han var son av leiaren av Saud-dynastiet, Abdul-Rahman. I 1890 erobra Al Rashid-dynastiet Riyadh, og Saud-familien flykta først til Rub al Khali-ørkenen og så til Bahrain før dei slo seg ned i Kuwait.

Ibn Saud grunnla Ikhwan, ein muslimsk brorskap av beduinarstammar som hjelpte han til makta. Som forfedrene sine kjende Ibn Saud seg til wahhabismen, ei form av islam som har prega det saudiarabiske samfunnet. Som konge var han ein tilhengjar av panarabisme.

Det blei funne petroleum i Saudi-Arabia i 1939, og Ibn Saud gav amerikanske oljeslelskap løyve til å utnytta store felt i 1944. Dette danna grunnlaget for den seinare store rikdommen i Saudi-Arabia. For Storbritannia var valet uvelkomen, ettersom dei hadde støtta Ibn Saud gjennom mange år.

Under første verdskrigen gav Ibn Saud støtte til britane, men blei nedkjempa av den osmanske emiren Jabal Shammar i 1912. Også under andre verdskrigen støtta han vestmaktene. Ibn Saud motsette seg jødisk innvandring til Palestina etter verdskrigen, og deltok med lite hell i Den arabisk-israelske krigen i 1948.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Ibn Saud av Saudi-Arabia
  Denne historieartikkelen som har med Saudi-Arabia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.