«Idas sommarvisa», eller «Du ska inte tro det blir sommar», er ein svensk barnesong med sommartema. Teksten er skriven av Astrid Lindgren medan Georg Riedel har komponert melodien. Songen vart skriven til filmen Emil och griseknoen frå 1973.

«Idas sommarvisa» har tre vers og har vorte vanleg å syngje på skuleavsluttingar før sommarferien i Sverige. Songen har der vorte eit alternativ til salmane «Den blomstertid nu kommer» og «I denna ljuva sommartid».

Songen er lagd i munnen på vesle Ida, som er i ein periode der ho kjenner seg allmektig. I filmen har ho vekt til live att dei døde hønsene (som eigentleg berre var stivskremde av herjingane til Emil og grisungen Griseknoen, som begge var fulle etter inntak av gjæra kirsebær). Ida fortel i visa kva som må gjerast for at det skal verte sommar og avsluttar songen slik:

Och jag gör så roliga ställen
där barna kan springa omkring,
då blir barna fulla med sommar
och bena blir fulla med spring.

Kjelder endre