Ideell gass

(Omdirigert frå Ideal gass)

Ein ideell gass er ein hypotetisk gass som består av identiske molekyl som ikkje påverkar kvarandre. Den indre potensielle energien er lik null.

Ein ideell gass kan beskrivast med tilstandslova for idealgassar eller den ideelle gasslova. Denne viser samanhengen mellom trykk, temperatur, volum og stoffmengd.

P er trykk, V volum, n stoffmengd, R gasskonstanten og T er absolutttemperaturen. Gasskonstanten har ulik talverdi avhengig av kva einingar som er nytta for trykk og volum.

Ein idealgass er ein gass der denne formelen er heilt nøyaktig kvar gong. I ein idealgass påverkar ikkje molekyla kvarandre og den indre potensielle energien er lik null.

Nokre andre gasslover, utvikla før tilstandslova, kan utleiast frå denne ved å halda til dømes temperatur konstant.

Reelle gassar har molekyl som vekselverkar med kvarandre. Likevel er tilstandslova ofte brukbar ved normale trykk og temperaturar.

Sjå og endre