Opna hovudmenyen

Super Idol var den fyrste greske versjonen og sesongen av den britiske fjernsynsserien Pop Idol. Den fyrste sesongen vart send mellom 8. februar og 17. juni 2004, med Themis Georgantas som programleiar. Tevlinga vart vunnen av kyprioten Stávros Konstantínou.

Super Idol
Orig. Pop Idol
Sjanger Songtevling
Skapar Fremantle Media
Mega Channel
Programleiar(ar) Themis Georgantas
Dommarar Elena Katrava
Kostantis Spyropoulos
Ilias Psinakis
Nasjonalitet Hellas
Innspelingsland Hellas
Kypros
Språk Gresk
Produksjon
Kringkasting
Kanal Mega Channel
Sendt 8. februar 2004–17. juni 2004

På grunn av låge sjåartal valte Mega Channel å berre sende ei sesong. Georgiske Tamta, som enda på andreplass, oppnådde stor suksess og etablerte seg seinare i den greske musikkbransja. Dommarane var Elena Katrava, Kostantis Spyropoulos og Ilias Psinakis.

AuditionEndra

Det vart halde tre auditionar i 2004 før serien starta. Ein på Kypros, ein i Thessaloníki og ein i Aten. Vinnaren, Stávros Konstantínou, var frå Kypros, medan andreplassen kom frå Georgia. Saman spelte dei inn songen «To állo mou misó» på debut-EP-en til Konstantínou.

KjelderEndra