Iduns veg i Bergen

veg i Bergen kommune

Iduns veg er ein blindveg på Nesttun i Fana bydel i Bergen kommune. Han går nordover frå Stasjonsvegen mot Litle Nesttunvatnet og er om lag 200 meter lang.

Iduns veg

Vegen heitte tidlegare Vardevegen. Det noverande namnet vart vedteke i 1978 og er kalla opp etter den norrøne gudinna Idun. Fleire vegar i området har namn frå norrøn mytologi.

Knutepunkt endre

Kjelder endre