If I Could Only Remember My Name
If I Could Only Remember My Name Studioalbum av David Crosby | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 22. februar 1971 | |
Innspelt | 1970–1971 | |
Studio | Wally Heiders San Francisco, A&M Studios, Hollywood[1] | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 37:04 | |
Selskap | Atlantic | |
Produsent | David Crosby | |
David Crosby-kronologi | ||
---|---|---|
If I Could Only Remember My Name | «Oh Yes I Can» (1989)
|
If I Could Only Remember My Name er det første soloalbumet til David Crosby, gjeve ut i februar 1971 på Atlantic Records. Det var eit av fire høgprofilerte album som vart gjeve ut av kvar av medlemmane i Crosby, Stills, Nash & Young etter albumet deira, Déjà Vu album (i lag med Stephen Stills, Songs for Beginners og After the Gold Rush). Det nådde 12. plassen på Billboard 200 og selde til gullplate for 500 000 selde eksemplar i USA.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
Rolling Stone | |
The Village Voice | D–[3] |
Albumet fekk vørdnad i 2010 då det vart oppført på andreplassen på lista til Vatikanstaten over dei ti beste popalbuma gjennom tidene, publisert i den offentlege avisa til Vatikanet, L'Osservatore Romano.[4]
Innhald
endreMange kjende musikarar er med på albumet, inkludert Graham Nash, Neil Young, Joni Mitchell, medlemmar av Grateful Dead (mellom andre Jerry Garcia, som var med å arrangere og produsere albumet), Jefferson Airplane og Santana. Ensemblet fekk det uformelle kallenamnet The Planet Earth Rock and Roll Orchestra av bandleiaren i Jefferson Airplane Paul Kantner. Kjernen i denne gruppa (inkludert lydteknikaren Stephen Barncard) arbeidde òg på Kantner sitt Blows Against the Empire (1970) og Grateful Dead sitt American Beauty (1970), begge spelte inn samstundes med Crosby sitt album i Wally Heider Studios i San Francisco.
Det vart gjeve ut to singlar frå albumet, mellom andre den mindre hitten «Music Is Love», som var eit samarbeid med Nash og Young som kom ut i april 1971. Singelen nådde 95. plassen på Billboard Hot 100.[5][6]
If I Could Only Remember My Name kom ut på CD første gongen den 25. oktober 1990, og vart digitalt nymastra frå dei originale masterlydbanda. Den 6. november 2006 kom det ut ei dobbelutgåva med ein lyddisk remastra i HDCD, og eit bonnusspor («Kids and Dogs», som ikkje var gjeven ut før, men som var meint for eit uutgjeve Crosby-album for Capitol Records tidleg i 1980-åra) og ein DVD Audio-disk med heile albumet remiksa for 5.1 digital kringlyd.
Innhald
endreSide ein
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Music Is Love» | David Crosby, Graham Nash, Neil Young | 3:16 |
2. | «Cowboy Movie» | David Crosby | 8:02 |
3. | «Tamalpais High (at about 3)» | David Crosby | 3:29 |
4. | «Laughing» | David Crosby | 5:20 |
Side to
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «What are Their Names» | Crosby, Garcia, Lesh, Shrieve, Young | 4:09 |
2. | «Traction in the Rain» | David Crosby | 3:40 |
3. | «Song with No Words (Tree with No Leaves)» | David Crosby | 5:53 |
4. | «Orleans» | Tradisjonell | 1:56 |
5. | «I'd Swear There Was Somebody Here» | David Crosby | 1:19 |
Bonusspor på 2006-utåva
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
10. | «Kids and Dogs» | David Crosby | 7:01 |
Medverkande
endreMusikarar
endre- David Crosby – vokal, gitar
- Graham Nash – gitar, vokal (på «Music Is Love»); vokal (på «Tamalpais High», «Laughing», «What Are Their Names», «Traction in the Rain» og «Song with No Words»)
- Jerry Garcia – elektrisk gitar (på «Cowboy Movie», «Tamalpais High», «What Are Their Names» og «Song with No Words»); pedalsteelgitar (på «Laughing»); gitar (på «Kids and Dogs»); vokal (på «What Are Their Names»)
- Neil Young – gitar, vokal (på «Music Is Love» og «What Are Their Names»); bass, vibrafon, congatrommer (på «Music Is Love»)
- Jorma Kaukonen – elektrisk gitar (på «Tamalpais High» og «Song with No Words»)
- Laura Allan – autoharpe, vokal (på «Traction in the Rain»)
- Gregg Rolie – piano (på «Song with No Words»)
- Phil Lesh – bass (på «Cowboy Movie», «Tamalpais High», «Laughing» og «What Are Their Names»); vokal (på «What Are Their Names»)
- Jack Casady – bass (på «Song with No Words»)
- Bill Kreutzmann – trommer (på «Tamalpais High» og «Laughing»); tamburin (på «Cowboy Movie»)
- Michael Shrieve – trommer (på «What Are Their Names» og «Song with No Words»)
- Mickey Hart – trommer (på «Cowboy Movie»)
- Joni Mitchell – vokal (på «Laughing» og «What Are Their Names»)
- David Freiberg, Paul Kantner, Grace Slick – korvokal (på «What Are Their Names»)
Produksjon
endre- Stephen Barncard – lydteknikar, digital nymastring
- Ellen Burke – assisterande lydteknikar
- Gary Burden – kunstnarisk leiar
- Henry Diltz – fotografi
- Elliot Roberts, Ronald Stone – management
- David Geffen – leiing
- Steve Hall – kringlyd-lydteknikar for 2006-utgåva
- Bill Dooley – digital nymastring for 2006-utgåva
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «If I Could Only Remember My Name» frå Wikipedia på engelsk, den 14. januar 2019.
- ↑ http://www.4waysite.com/publications.../articles-1990s-if-i-could-only-remember-my-name[daud lenkje]... |
- ↑ Swihart, Stanton. «If I Could Only Remember My Name». AllMusic. Henta 14. januar 2019.
- ↑ Christgau, Robert (10. juni 1971). «Consumer Guide (18)». The Village Voice (New York). Henta 14. januar 2019.
- ↑ Quinlan, Carrie (15. februar 2010). «Revealed: The Vatican's Favourite Bands», The Guardian
- ↑ If I Could Only Remember My Name på Allmusic. Henta 14. januar 2019.
- ↑ If I Could Only Remember My Name at the Grateful Dead Family Discography