Igesundsvatnet

innsjø i Herøy kommune

Igesundsvatnet eller Storevatnet ligg på fjellet like oppom IgesundBergsøya i Herøy kommune på Sunnmøre.

Igesundsvatnet er oppdemma og er drikkekjelda til dei ytste husa i Igesund. Før oppdemminga var det eit naturleg skilje mellom Igesundsvatnet og Vikavatnet, men no heng desse saman så lengje dei ikkje har vore nedtappa. Vatnet vert administrert av Herøy vasslag, tidlegare Bergsøy vasslag. Det er òg reservekjelde for resten av øya, men då vatnet herifrå ikkje vert rensa, er ein svært forsiktig med å nytte det, ikkje minst etter salmonellautbrotet i 1998. Dette hende etter at Igesundsvatnet hadde vore kopla til hovudvassleidninga, men ein har ikkje funn klårt bevis for at dette var hovudkjelda til smitten.

Myra som ligg ved vatnet vart tidlegare nytta som kjelde for torv, som så vart sendt ned til Igesund med løypestreng for å brukast som brensel.