Ikkje-stridande (non-combatants på engelsk) er eit juridisk omgrep frå internasjonal humanitærrett, og skildrar personar som ikkje kan angripast i ein militær konflikt. Omgrepet vert brukt om sivile som ikkje deltek i konflikten, medisinsk personell (leger, sjukepleiarar og sanitetssoldatar), som har mandat etter folkeretten til å ta vare på såra og sjuke i krigssoner (vernet gjeld òg medisinsk personell som er medlemmar av dei væpna styrkane), stridande som er hors de combat, og nøytrale personar som ikkje deltek i striden. Ikkje-stridande kan ikkje angripast, og sivile, medisinsk personell eller nøytrale partar kan ikkje takast som krigsfangar. I tillegg har medisinsk personell rett etter folkeretten til å utføra sitt humanitære arbeid i krigssoner utan å forhindrast. Det er eit brot på lovane til krigen, dvs. eit krigslovbrot, å angripa ikkje-stridande.[1]

Norsk sanitetspersonell frå Forsvarets sanitet under Koreakrigen

Medisinsk personell endre

Vern av medisinsk personell går heilt tilbake til den første Genèvekonvensjonen frå 1864 og vernet av ikkje-stridande har vorte utdjupa i seinare konvensjonar og protokollar. I den første Genèvekonvensjonen vart det bestemt at såra skulle handsamast humant, at medisinsk personell, både militære og sivile, skulle sjåast på som nøytrale, og at kvar og ein som hjelpte såra skulle respekterast og «verta verande fri». Medisinsk personell, og medisinske bygningar og køyretøy, har rett til å bruka Raudekrossen-emblema til rørsla, den raude krossen, den raude halvmånen eller den raude krystallen, som vernemerke (protective sign). Personell ber òg ofte identitetskort som identifiserer dem som «verna personar» (protected persons) etter Genèvekonvensjonene.

I praksis er medisinsk personell i dag ofte frå sanitetspersonell innanfor Forsvarety i sitt land. I Noreg er det i røynda personell frå Forsvarets sanitet.  Historisk spelte òg den frivillige sjukepleia, organisert m.a. av nasjonale Raudekross-samskipnader, ei viktig rolle. Det er forbode etter krigens folkerett for sanitetspersonell i teneste og som òg er identifisert som dette å delta i krigshandlingar. Bygningar og køyretøy identifisert som del av saniteten kan heller ikkje brukast til militære operasjonar. Dette forbodet er ein føresetnad for at personellet har status som verna personar etter folkeretten.

Referansar endre

  1. Knut Ipsen, «Combatants and Non-combatants», i Dieter Fleck (red.), The Handbook of International Humanitarian Law, Oxford University Press, 2013, s. 300-331