Ilka Štuhec (fødd 26. oktober 1990) er ein slovensk alpin skirennar frå Slovenj Gradec. Ho vart verdsmeister i utfor under VM i alpine greiner 2017 og forsvarte VM-tittelen i øvinga to år seinare. I 2017-sesongen gjekk ho til topps i så vel utforøvinga som kombinasjonstevlinga i FIS-verdscupen, og enda på andreplass i den samla FIS-turneringa. Pr 1.1.2022 har Štuhec sigra i ni enkeltrenn i verdscupen i alpine greiner.

Ilka Štuhec


Statsborgarskap Slovenia
Fødd 26. oktober 1990 (33 år)
Slovenj Gradec
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 2014

Utmerkingar

Bloudek-prisen

Kjelder endre

  Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.