In Concert – Brandeis University 1963

In Concert – Brandeis University 1963
Konsertalbum av Bob Dylan
Språk engelsk
Utgjeve 11. april 2011[1]
Innspelt 10. mai 1963
Spelestad Brandeis University i Waltham i Massachusetts
Sjanger Folk
Lengd 38:24
Selskap Columbia
Bob Dylan-kronologi 
The Original Mono Recordings
(2010)
In Concert – Brandeis University 1963 Tempest
(2012)


In Concert – Brandeis University 1963 er eit konsertalbum av den amerikanske visesongaren Bob Dylan frå Brandeis Folk Festival ved Brandeis University i Waltham i Massachusetts, den 10. mai 1963.

Eit lydband med konserten vart funnen i kjellaren til kritikaren Ralph Gleason frå San Francisco, som var med å skipe magasinet Rolling Stone, etter Gleason var død. Lydbandet vart restaurert og gjeve ut i 2010 på Columbia Records. Det vart selt som ei bonusplate av Amazon.com med anten The Bootleg Series Vol. 9 – The Witmark Demos: 1962-1964 eller The Original Mono Recordings i ei avgrensa tid etter desse kom ut.[2] Albumet vart offisielt gjeve ut den 12. april 2011 i USA, og ein dag tidlegare i Europa.[1]

Innhald

endre

Alle songar er skrivne av Bob Dylan, utanom der andre er nemnde.

Første sett
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Honey, Just Allow Me One More Chance» (ukomplett)Dylan, Henry Thomas1:57
2.«Talkin' John Birch Paranoid Blues» 4:40
3.«Ballad of Hollis Brown» 7:10
4.«Masters of War» 6:30
Andre sett
Nr.TittelLengd
5.«Talkin' World War III Blues»6:24
6.«Bob Dylan's Dream»5:57
7.«Talking Bear Mountain Picnic Massacre Blues»5:44

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «News | The Official Bob Dylan Site». Bobdylan.com. 17. juli 2012. Arkivert frå originalen 27. september 2011. Henta 19. desember 2018. 
  2. Greene, Andy (31. august 2010). «Dylan's New 'Bootleg' to Feature Unearthed Live Show». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 5. desember 2010. Henta 19. desember 2018. 

Bakgrunnsstoff

endre