In the City av Eagles
In the City Song av Joe Walsh frå albumet The Warriors | ||
Utgjeve | April 1979 | |
Innspelt | MRI Recording Studio, Hollywood, California | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:54 | |
Selskap | A&M | |
Låtskrivar(ar) | Barry De Vorzon, Joe Walsh | |
---|---|---|
Produsent | Barry De Vorzon, Joe Walsh |
In the City Song av Eagles frå albumet The Long Run | ||
Utgjeve | 24. september 1979 | |
Innspelt | 1979 | |
Sjanger | Hard rock | |
Lengd | 3:46 | |
Selskap | Asylum | |
Låtskrivar(ar) | Joe Walsh, Barry De Vorzon | |
---|---|---|
Produsent | Bill Szymczyk |
«In the City» er ein rockesong skriven av Barry De Vorzon og Joe Walsh. Han vart først spelt inn av Walsh og gjeven ut i filmen The Warriors i 1979.[1] Ein annan versjon av songen vart spelt inn av Eagles på albumet The Long Run, som kom ut same året.
Bakgrunn Endra
Songen vart først spelt inn av gitaristen Joe Walsh for filmmusikken til filmen The Warriors i 1979. Eagles likte songen og ønskte å ta han med på det neste albumet deira, The Long Run.
Det vart laga ein video for songen. Han syner ei innspeling av songen, der Joe Walsh spelar ein Gibson dobbelthalsa gitar og nyttar 12-strengshalsen for rytmen og 6-strengshalsen for slidegitaren. Timothy B. Schmit spelar ein Fender bass; Don Felder spelar ein Fender Stratocaster; Don Henley på trommer, Glenn Frey på piano og Joe Vitale på congatrommer.
Sjølv om songen ikkje vart gjeven ut som singel, vart han ein album-orientert rock radiofavoritt i USA og vart mykje spelt av Walsh på konsertane hans. Songen finst òg på konsertalbumet Hell Freezes Over frå 1994.
Andre versjonar Endra
Songen vart spelt inn av rapparen Anybody Killa i 2003 på debutalbumet Hatchet Warrior, som kom ut på Psychopathic Records.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «In the City (Joe Walsh song)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: