In the Court of the Crimson King

album av King Crimson
In the Court of the Crimson King
Studioalbum av King Crimson
Språk engelsk
Utgjeve 10. oktober 1969
Innspelt Juni til august 1969
Studio Wessex Sound Studios i London
Sjanger Progressiv rock
Lengd 43:56
Selskap Island Records, Atlantic Records
Produsent King Crimson
King Crimson-kronologi 
In the Court of the Crimson King In the Wake of Poseidon
(1970)


Singlar frå In the Court of the Crimson King
  1. «The Court of the Crimson King»
    Utgjeve: 12. oktober 1969
  2. «Epitaph»
    Utgjeve: 12. oktober 1969

In the Court of the Crimson King er debutalbumet til den britiske progrockgruppa King Crimson. Albumet nådde femteplassen i Storbritannia og selde til gullplate i USA.[5]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
All About Jazz5/5 stars[1]
AllMusic5/5 stars[2]
Mojo5/5 stars[3]
The Village Voice(D+)[4]

Albumet vert generelt rekna som eit av dei sterkaste innan sjangeren progressiv rock, der King Crimson i stor grad tok bort det blues-baserte grunnlaget i rock og blanda det med element av jazz og klassisk symfonimusikk.

Albumet vart mastra på ny og gjeven ut på vinyl og CD fleire gonger i 1980- og 1990-åra. Alle desse versjonane er baserte på fleire generasjonar kopar av dei originale lydbanda. Ein trudde lenge at dei originale lydbanda var gått tapt, men dei vart omsider funnen i eit lager i 2003. Dette har ført til CD-versjonar med langt betre lyd sidan.

Plateomslaget endre

Barry Godber (1946–1970), ein dataprogrammerar, måla plateomslaget. Gober døydde i februar 1970 av hjarteattakk, kort tid etter albumet kom ut. Det vart det einaste måleriet han måla, i dag eigd av Robert Fripp.[6][7] Fripp hadde dette å sei om Godber:

« Peter tok med seg dette måleriet og bandet elska det. Eg tok nyleg originalen frå kontora til EG, fordi dei hadde det framme i altfor skarpt lys, slik at det kunne bli øydelagd. Andletet på utsida er 'Schizoid Man', og på insida er det 'Crimson King'. Om du dekkjer over det smilande andletet, syner augo ei vanvittig sorg. Kva kan du legge til? Det reflekterer musikken.[8] »

Produksjon endre

Dei første innspelingane for albumet vart gjort tidleg i 1969 med produsent Tony Clarke, mest kjend for arbeidet sitt med The Moody Blues. Etter at desse innspelingane ikkje fungerte, fekk bandet lov å gjere produksjonsjobben aleine. Albumet art spelt inn på ein 8-kanals lydbandopptakar i Wessex Sound Studios i London, med Robin Thompson som lydteknikar. Det tok mange timar med overdubbing for å bygge opp orkesterlyden med fleire lag av Mellotron og treblåseinstrument spelt av Ian McDonald.

Kort tid etter innspelinga var ferdig i 1969 vart det oppdaga at innspelingshovuda på stereoopptakaren ikkje var rett innstilt. Mangel på høgre frekvensar og uønskt forvrenging påverka derfor delar av albumet, mest tydeleg på «21st Century Schizoid Man». Dei originale masterlydbanda vart arkivert og gløymt i mange år. Det vart laga ein kopi av lydbanda for den første amerikanske utgjevinga av albumet der dei prøvde å rette på nokre av lydproblema.

Utgjeving endre

Då albumet først kom varierte kritikarane frå dårleg til bra. Robert Christgau hata albumet og kalla det «kunstskit».[4] Rolling Stone var meir positiv og skreiv «dei har kombinert aspekt av mange musikkformer og skapt eit surrealistisk verk med kraft og orginalitet.»[9]

Albumet har sidan fått status som ein klassikar og Allmusic skriv om det: «som om det var noko profetisk, kasta King Crimson ut ei mørkare og skarpare form for post-psykedelisk rock».[2]

I boka si Rocking the Classics frå 1997, skriv Edward Macan at In the Court of the Crimson King «kan vere det mest innverknadstunge progressive rockealbumet som nokon gong er komen ut».[10] Pete Townshend i The Who har kalla albumet «eit fabelaktig meisterverk».[11] I Q & Mojo Classic Special Edition Pink Floyd & The Story of Prog Rock vart albumet plassert på fjerdeplassen på lista deira «40 Cosmic Rock Albums».[12] Albumet vart kåra til eit av «50 albumet som bygde progrock» i Classic Rock.[13] I 2014 kåra lesarane av Rhythm albumet til det åttande beste trommealbumet i historia til progressiv rock.[14] I 2015 kåra Rolling Stone In the Court of the Crimson King til det nest beste progrockalbumet gjennom tidene, etter Pink Floyd-albumet The Dark Side of the Moon.[15] Albumet er òg med i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[16]

CD-utgåver endre

Albumet kom ut på ny på LP og CD i 1980- og 1990-åra på Polydor og EG Records. Lydbanda som var nytta var tredjegenerasjonskopiar av den opphavlege kopien av lydbanda. Dette førte til at lyden ikkje var så skarp som den kunne vore og at ein fekk uønskt susing med. Dei originale lydbanda vart oppdaga i 2003 og i 2004 kom ein HDCD-versjon ut på Fripp sin eigen Discipline Global Mobile. Denne utgåva hadde langt betre lydkvalitet. I 2009 kom ei 40-årsjubileumsutgåve, miksa i kringlyd.[17][18] There are three different versions: a two-CD set, a CD+DVD set and a six-disc (5CD/1DVD) box.

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«21st Century Schizoid Man»Fripp, McDonald, Lake, Giles, Sinfield7:21
2.«I Talk to the Wind»McDonald, Sinfield6:05
3.«Epitaph»Fripp, McDonald, Lake, Giles, Sinfield8:47
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
4.«Moonchild»Fripp, McDonald, Lake, Giles, Sinfield12:13
5.«The Court of the Crimson King»McDonald, Sinfield9:25

40-årsjubileumsutgåva frå 2009 endre

Plate ein
Nr.TittelLengd
1.«21st Century Schizoid Man» (2009-miks)7:24
2.«I Talk to the Wind» (2009-miks)6:00
3.«Epitaph» (2009-miks)8:52
4.«Moonchild» (Forkorta versjon; 2009-miks)9:02
5.«The Court of the Crimson King» (2009-miks)9:20
6.«Moonchild» (bonusspor - full versjon)12:13
7.«I Talk to the Wind» (bonusspor - Duo-versjon)4:54
8.«I Talk to the Wind» (bonusspor - alternativ miks)6:34
9.«Epitaph» (bonusspor - bakgrunnsspor)9:02
10.«Wind Session»4:28
Total lengd:1:17:49
Plate to
Nr.TittelLengd
1.«21st Century Schizoid Man» (ommaster frå 2004)7:23
2.«I Talk to the Wind» (ommaster frå 2004)6:03
3.«Epitaph» (ommaster frå 2004)8:48
4.«Moonchild» (ommaster frå 2004)12:12
5.«The Court of the Crimson King» (ommaster frå 2004)9:25
6.«21st Century Schizoid Man» (Instrumental)6:46
7.«I Talk to the Wind» (BBC-innspeling)4:40
8.«21st Century Schizoid Man» (BBC-innspeling)7:11
9.«The Court of the Crimson King (Part 1)» (singelversjon i mono)3:22
10.«The Court of the Crimson King (Part 2)» (singelversjon i mono)4:30
Total lengd:1:10:20
Disk to (DVD-utgåve)
Nr.TittelLengd
1.«21st Century Schizoid Man» (ommaster frå 2004)7:24
2.«I Talk to the Wind» (ommaster frå 2004)6:00
3.«Epitaph» (ommaster frå 2004)8:52
4.«Moonchild» (ommaster frå 2004)9:02
5.«The Court of the Crimson King» (ommaster frå 2004)9:20
6.«21st Century Schizoid Man» (2009-miks)7:24
7.«I Talk to the Wind» (2009-miks)6:00
8.«Epitaph» (2009-miks)8:52
9.«Moonchild» (2009-miks)9:02
10.«The Court of the Crimson King» (2009-miks)9:20
11.«21st Century Schizoid Man» (original masterutgåve frå 2004)7:24
12.«I Talk to the Wind» (original masterutgåve frå 2004)6:05
13.«Epitaph» (original masterutgåve frå 2004)8:48
14.«Moonchild» (original masterutgåve frå 2004)12:13
15.«The Court of the Crimson King» (original masterutgåve frå 2004)9:23
16.«Moonchild» (ekstra lydinnhald - full versjon)12:13
17.«I Talk To The Wind» (ekstra lydinnhald - duo-versjon)4:54
18.«I Talk To The Wind» (ekstra lydinnhald - alternativ miks)6:34
19.«Epitaph» (ekstra lydinnhald - bakgrunnsspor)9:02
20.«Wind Session» (ekstra lydinnhald)4:28
21.«21st Century Schizoid Man» (Alternativt album - Instrumental) 
22.«I Talk to the Wind» (Alternativt album - studiogjennomkøyring) 
23.«Epitaph» (Alternativt album - alternativ versjon) 
24.«Moonchild» (Alternativt album - opptak 1) 
25.«The Court of the Crimson King (Part 2)» (Alternativt album - opptak 3) 
26.«21st Century Schizoid Man» (video innhald - redigert) 

Medverkande endre

King Crimson

Prroduksjon

Salslister endre

Liste (1969–1970) Plassering
Canada Top Albums/CDs (RPM)[20] 27
Britiske album (OCC)[21] 5
US Billboard 200[22] 28

Kjelder endre

  1. Kelman, John (14. november 2009). «King Crimson: In The Court Of The Crimson King (40th Anniversary Series)». Allaboutjazz.com. All About Jazz. Arkivert frå originalen 3. april 2018. Henta 8. oktober 2019. 
  2. 2,0 2,1 Eder, Bruce. «In the Court of the Crimson King». AllMusic. Henta 8. oktober 2019. 
  3. Mike Barnes (November 2009). «Royal Flush». Mojo (London: Bauer Media Group) (192): 106. ISSN 1351-0193. 
  4. 4,0 4,1 Christgau, Robert (11. desember 1969). «Consumer Guide (5): King Crimson: In the Court of the Crimson King». The Village Voice. Henta 5. desember 2011 – via robertchristgau.com. 
  5. RIAA: Gold & Platinum
  6. Robert Fripp: Elephant Talk interview, arkivert frå originalen 8. februar 2005, henta 12. juni 2012 
  7. BatGuano.com
  8. Interview with Robert Fripp in Rock and Folk – ETWiki
  9. Morthland, John (27. desember 1969). «King Crimson In the Court of the Crimson King > Album Review». Rolling Stone (49). Arkivert frå originalen 22. oktober 2007. Henta 24. september 2007. 
  10. Macan, Edward (1997). Rocking the Classics: English Progressive Rock and the Counterculture, Oxford University Press, ISBN 0-19-509888-9, p. 23.
  11. «King Crimson biography». Discipline Global Mobile (dgmlive.com). Arkivert frå originalen 27. september 2007. Henta 29. august 2007. 
  12. Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005.
  13. Classic Rock magazine, 2010. juli Issue 146.
  14. «Peart named most influential prog drummer». TeamRock. 3. oktober 2014. Henta 21. august 2015. 
  15. Epstein, Dan (17. juni 2015). «50 Greatest Prog Rock Albums of All Time». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 22. desember 2017. Henta 8. oktober 2019. 
  16. Robert Dimery; Michael Lydon (7. februar 2006). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 0-7893-1371-5. 
  17. «Steven Wilson Headquarters». Swhq.co.uk. Arkivert frå originalen 7. august 2011. Henta 12. juni 2012 2011-08-24. 
  18. DGM news
  19. «The Song Soup on Sea Gallery ~ Barry !». Songsouponsea.com. Henta 8. oktober 2019. 
  20. "Top RPM Albums: Nummer 3764". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 8. oktober 2019.
  21. "{{{date}}} Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 8. oktober 2019.
  22. "King Crimson Album & Song Chart History" Billboard 200 for King Crimson. Prometheus Global Media. Henta 8. oktober 2019.