Incantations
Studioalbum av Mike Oldfield
Utgjeve 1. desember 1978
Innspelt Desember 1977 til september 1978
Studio Througham Slad Manor i Bisley i Gloucestershire
Sjanger
Lengd 72:44
Selskap Virgin
Produsent Mike Oldfield
Mike Oldfield-kronologi 
Ommadawn
(1975)
Incantations Exposed
(1979)


Incantations er det fjerde studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut 1. desember 1978 på Virgin Records. Etter utgjevinga av det førre albumet, Ommadawn (1975), flytta Oldfield inn i ein ny heim i Bisley i Gloucestershire, der han sette opp eit nytt innspelingsstudio. Han byrja på ein oppfølgjar i 1977, som tok form som eit dobbeltalbum med eit einaste langt spor kvar av dei fire LP-sidene. Olsfield ønskte å bruke verkelege sverjingar (incantations på engelsk) i musikken, men enda opp med å bruke folketru som eit laust tema gjennom plata, som jaktgudinna Diana. Sjølv om albumet er hovudsakleg instrumentalt, er det delar med tekst tilpassa frå verk av diktarane Henry Longfellow og Ben Jonson. Oldfield fullførte eit sjølvmedvitsseminar kalla Exegesis medan han spelte inn Incantations.

Incantations nådde 14. plassen på UK Albums Chart, og vart det første albumet hans som ikkje nådde topp 5 i Storbritannia. Det vart marknadsført med den første konsertturneen til Oldfield som soloartist, der han framførte alle dei fire delane av Incantations på scenen med band, orkester og kor. Albumet kom ut på ny i 2000 og 2011, siste gongen med ein ny stereomiks og ekstra innhald, inkludert den disco-aktige singelen «Guilty» frå 1979 og filmklipp frå konsertalbumet Exposed frå 1979.

Bakgrunn og skriving endre

Mot slutten av 1975 hadde Oldfield gjeve ut det tredje albumet sitt, Ommadawn (1975), og som dei to tidlegare albuma hans, Tubular Bells (1973) og Hergest Ridge (1974), gjekk det inn på topp 5 på UK Albums Chart og stadfesta populariteten til Oldfield. Dei tre albuma hadde liknande struktur sidan dei bestod av ein enkel komposisjon delt i to på LP-plata. Etter utgjevinga av Ommadawn flytta Oldfield frå heimen sin i Kington i Herefordshire til Througham Slad Manor nær Bisley i Gloucestershire og sette opp eit innspelingsstudio der.[1]

Då arbeidet på Incantations kom i gang, hugsa Oldfield at han hadde eit mål om å bruke «verkelege sverjingar for å utøve ein godarta magisk påverknad på alle som høyrde på det».[2] Han hadde planar om å basere musikken på verkelege trylleformlar og messing, og spurte A&R-avdelinga til selskapet sitt, Virgin Records, om å invitere øvste-druiden heim til seg for å diskutere det. Besøket vart ikkje ein suksess og Oldfield fekk ikkje nokre av dei magiske formlane han var ute etter og fekk inntrykk av at personen var meir interessert i å konvertere han til ordenen. Keith Critchlow introduserte så Oldfield for forskjellige «rare folk» for å hente inspirasjon, inkludert diktaren Kathleen Raine, men dikta hennar klarte ikkje å framkalle sterk nok musikk, og ein «sjaman, sigøynar-aktig kvinne» som ikkje sa eit ord gjennom heile møtet med Oldfield.[3] Ein tilsett ved Virgin undersøkte så britisk folklore og føreslo Gog og Magog, der Oldfield klarte å finne sverjingar som fungerte, særskild om gudinna Diana, og han nytta dette som eit gjennomgåande tema på albumet.[4][2]

Oldfield hadde lytta til store mengder religiøs musikk, som han meinte heldt han «roleg og tilrekneleg» sidan han skildra seg sjølv som «særs forstyrra» på denne tida.[5] Han utforska òg musikkstilane frå dei tidlegare albuma sine; rock med klassisk musikkformat på debutplata Tubular Bells, keltisk musikkHergest Ridge, og «meir afrikansk» stil på Ommadawn.[5] For Incantations ønskte Oldfield å presentere «noko magisk», som gjorde at han valde å bruke ein strykeseksjon og fløyte.[5] Det var første gongen Oldfield brukte ein strykeseksjon og han skreiv orkesterarrangementa sjølv. Han leigde ei gruppe på kring atten musikarar til å spele med han i studio. Etter nokre tidlege forsøk byrja Oldfield på ein meir komplisert sekvens med forskjellige taktartar og alle toneartane i musikkskalaen, som minna han om barneregla «Frère Jacques». Det utvikla seg til ein dobbel vibrafon-seksjon på «Incantations (Part Four)».[6]Incantations var ferdig, var det blitt eit dobbeltalbum skilt i fire delar, som kvar tok opp ei side på LP-platene. Oldfield omtalte komponisten og den elektroniske musikaren Terry Riley som ei stor inspirasjonskjelde for Incantations, særskild bruken hans av ostinato.[7] Med ei lengd på 72 minutt i alt, er Incantations det lengste Oldfield-albumet fram til dobbeltalbumet Light + Shade frå 2005.

Innspeling endre

 
Througham Slad Manor, der albumet vart spelt inn.

Incantations vart spelt inn i Througham Slad mellom desember 1977 og september 1978, då Oldfield hadde både profesjonelle og personlege vanskar. Etter han hadde spelt inn kring 20 minuttar med musikk, spurte tilsette i Virgin Records Oldfield om å få høyre det han hadde laga så langt. Oldfield hugsa at ein dag «kom det ein delegasjon til huset mitt», inkludert sjefen i selskapet, Richard Branson.[8] Då dei høyrte musikken og han sa at Incantations skulle bli eit dobbeltalbum med det Oldfield kalla «matematisk og klassisk-aktig musikk», skreiv Oldfield: «Dei sat roleg og lytta. Richard var som han alltid var lystig og glad, men resten var heilt stille».[8] Oldfield lurte på om hendinga var med å overtyde leiinga i Virgin om å byte frå å vere eit selskap hovudsakleg for progressiv rock til å støtte punkrock i staden, som var blitt stadig meir populært. I tillegg til mangel på støtte frå selskapet, var Oldfield blitt eit mål i musikkpressa som meinte han var utdatert og gått av moten. Dette tappa Oldfield for inspirasjon og entusiasme for Incantations og innspelingsprosessen gjekk meir langsamt.[9] Han byrja å drikke tett og vart meir aggressiv og tilbaketrekt, som førte til at forholdet hans til kjærasten Louise tok slutt. Han såg attende på denne tida som «verkeleg heilt på botnen».[10]

I juni 1978 etter ein bilferie i Italia og Hellas med broren og ei tid heime hos faren, kjende han seg betre. Oldfield vart tilrådd å prøve eit Exegesis-seminar av kona til lydteknikaren sin. Etter det tre dagar lange sjølvmedvitskurset sa Oldfield at han berre kjende seg «fullstendig lettare og euforisk».[11]

I lag med anna musikk av Oldfield, vart ein annan versjon av «Part Four» nytta i filmen The Space Movie i 1979.

Plateomslag endre

 
Cala Pregonda

Plateomslaget vart designa av fotografen og kunstnaren Trevor Key, som òg hadde laga omslaget til Tubular Bells og Hergest Ridge. Fotografiet på framsida var teken på stranda Cala Pregonda på den spanske øya Menorca. Det er uklårt om Oldfield faktisk var på stranda då biletet vart teke, men det er mogeleg å anta ut frå andre fotografi teken frå staden.

Utgjeving og mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [12]

Incantations kom ut i Storbritannia 1. desember 1978 og selde godt. Albumet oppnådde platinaplate i Storbritannia etter to veker for 300 000 selte eksemplar.[13] Albumet vart marknadsført med utgjevinga av ein singel som ikkje var med på albumet, «Guilty», i april 1979. På B-sida var eit fire minuttar langt «Excerpt from Incantations». Singelen nådde 22. plassen på UK Singles Chart.

Nyutgjevingar endre

Incantations kom først på CD i 1985 på Virgin Records. Denne utgåva inneheld ein forkorta versjon av «Incantations (Part Three)» på 13:49.[14] Ei CD-utgåva frå 1988 har med den fulle versjonen av sporet.[15] Ei ommastra utgåve av Simon Heyworth kom ut på HDCD i 2000 med nytt omslag på innsida og eit kort essay av Dave Laing.[16]

I juli 2011 vart Incantations gjeven ut på Mercury Records i ei standardutgåve og ei luksusutgåve, i tillegg til ei avgrensa vinylutgåve signert av Oldfield. Det inneheld òg ny kunst og eit heftet på 16 sider. Standardutgåva inneheld ein ommastra steroemiks av albumet med «Guilty» som bonusspor. Luksusutgåva inneheld det same som standardutgåva, ein ekstra CD med singlar og songar som ikkje var gjevne ut før frå innspelinga av albumet, i tillegg til ein DVD med 5.1-kringlyd av somme spor, musikkvideoar og konsertopptak frå Exposed.[17] 2011-utgåva inneheld ikkje albumet i 5.1-kringlyd, sidan dei originale fleirsporsopptaka anten var for dårlege eller var gått tapt.[18]

Innhald endre

All muisikk av Mike Oldfield. Tekstar på «Incantations (Part Two)» av Longfellow og «Incantations (Part Four)» av Ben Jonson.

Originalplate endre

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Incantations (Part One)»19:08
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Incantations (Part Two)»19:36
Side three
Nr.TittelLengd
1.«Incantations (Part Three)»16:58
Side four
Nr.TittelLengd
1.«Incantations (Part Four)»17:01

Luksusutgåva frå 2011 endre

CD 1
Nr.TittelLengd
1.«Incantations (Part One) (2011 Stereo Mix)»19:08
2.«Incantations (Part Two) (2011 Stereo Mix)»19:36
3.«Incantations (Part Three) (2011 Stereo Mix)»16:58
4.«Incantations (Part Four) (2011 Stereo Mix)»17:01
5.«Guilty»4:14
CD 2
Nr.TittelLengd
1.«Diana (2011 Stereo Mix)» 
2.«Northumbrian (2011 Stereo Mix)» 
3.«Piano Improvisation (2011 Stereo Mix)» 
4.«Hiawatha (2011 Stereo Mix)» 
5.«Canon for Two Vibraphones (2011 Stereo Mix)» 
6.«William Tell Overture» 
7.«Cuckoo Song» 
8.«Pipe Tune» 
9.«Wrekorder Wrondo» 
10.«Guilty (2011 Stereo Mix)» 
11.«Diana – Desiderata (2011 Stereo Mix)» 
DVD
Nr.TittelLengd
1.«Diana» (5.1 surround sound mix) 
2.«Northumbrian» (5.1 surround sound mix) 
3.«Piano Improvisation» (5.1 surround sound mix) 
4.«Hiawatha» (5.1 surround sound mix) 
5.«Canon for Two Vibraphones» (5.1 surround sound mix) 
6.«Guilty» (5.1 surround sound mix) 
7.«William Tell Overture» (Promotional Video, 1977) 
8.«Guilty» (Promotional Video, 1978) 
9.«Incantations (Parts 1 & 2)» (Live at Wembley Conference Centre, 1979) 
10.«Incantations (Parts 3 & 4)» (Live at Wembley Conference Centre, 1979) 

Medverkande endre

Musikarar

Produksjon

  • Mike Oldfield – produsent
  • Paul Lindsay – lydteknikar[5]
  • Trevor Key – plateomslag

Salslister endre

Liste (1978) Peak position
Nederlandske album (MegaCharts)[19] 27
Tyske album (Media Control)[20] 41
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[21] 19
Norske album (VG-lista)[22] 14
Spanske album (PROMUSICAE)[23] 42
Svenske album (Sverigetopplistan)[24] 32
Britiske album (OCC)[25] 14

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[26] Platina 300 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre

  1. Dallas, Karl (25. oktober 1975). «Beyond the Ridge: Portrait of a Genius». Melody Maker. Henta 28. juni 2020. 
  2. 2,0 2,1 Kennedy, Andrew (2. august 2011). ««If people go one way I instinctively go the other» - DiS meets Mike Oldfield». Drowned in Sound. Arkivert frå originalen 6. mars 2019. Henta 28. juni 2020. 
  3. 3,0 3,1 Oldfield 2008, s. 193.
  4. Oldfield 2008, s. 193, 194.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Oldfield 2008, s. 192.
  6. Oldfield 2008, s. 192, 193.
  7. Oakes, Tim (June 1980). «Mike Oldfield». International Musician and Recording World. Henta 17. februar 2020 – via Rock's Backpages. 
  8. 8,0 8,1 Oldfield 2008, s. 197.
  9. Oldfield 2008, s. 197, 199.
  10. Oldfield 2008, s. 199.
  11. Oldfield 2008, s. 200.
  12. McDonald, Steven. IncantationsAllmusic
  13. «BRIT Certified - Certified Awards Search - Mike Oldfield - Incantations». British Phonographic Inustry. Henta 28. juni 2020. 
  14. Incantations [1985 Reissue]. Mike Oldfield. Virgin Records. CDVDT 101 – via Discogs. 
  15. Incantations [1988 Reissue]. Mike Oldfield. Virgin Records. 0777 7 86730 2 6 – via Discogs. 
  16. Incantations [2000 Reissue]. Mike Oldfield. Virgin Records. MIKECD5 – via Discogs. 
  17. Incantations [2011 Reissue]. Mike Oldfield. Mercury Records. 533 463-7 – via Discogs. 
  18. «Embracing Change: An Interview With Mike Oldfield». The Quiet Us. 2. august 2011. Henta 28. juni 2020. 
  19. "Mike Oldfield – Incantations". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 28. juni 2020.
  20. "Longplay-Chartverfolgung at Musicline". Musicline.de. Media Control. Henta 28. juni 2020.
  21. "Mike Oldfield – Incantations". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 28. juni 2020.
  22. "Mike Oldfield – Incantations". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 28. juni 2020.
  23. "Mike Oldfield – Incantations". Spanishcharts.com. Hung Medien. Henta 28. juni 2020.
  24. "Mike Oldfield – Incantations". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 28. juni 2020.
  25. januar 1979 "6. januar 1979 Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 28. juni 2020.
  26. «British album salstrofé – Mike Oldfield – Incantations». British Phonographic Industry. Henta 2. mai 2019.  Enter Incantations in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go