Independence II-kulturen

Independence II-kulturen viser til ein arktisk kultur og levesett som utvikla seg i Canada og spreidde seg herfrå til Grønland rundt år 800 f.Kr. Han fanst langs nordkysten av Grønland i område kring Independence-fjorden. Independence II fanst i same tidsrom som Dorset-kulturen var utbreidd i det sørlege Grønland.

Utbreiinga til Independence I- og Independence II-kulturen kring Independence-fjorden

Independence II-kulturen skil seg frå Independence I ved at menneska var mindre avhengige av moskusoksekjøtt, men åt meir mat frå havet, som fisk, sel og kvalross.

Kring år 400 f.Kr. kom det ein ny kuldeperiode då isen blei tjukkare, og dyra trekte mot sør. Omlag år 200 reknar ein som slutten av Independence II-perioden. Frå denne tida var Grønland folketomt i 500 år, før øya blei folkesett gjennom ei ny innvandring frå Dorset-kulturen.

Kjelder

endre

Litteratur

endre
  • Hans Christian Gulløv, Claus Andreasen, Bjarne Grønnow, Jens Fog Jensen, Martin Appelt, Jette Arneborg og Joel Berglund: Grønlands forhistorie; 1. udgave, 2. oplag; Gyldendal, København 2005; ISBN 87-02-01724-5

Bakgrunnsstoff

endre