Opna hovudmenyen

Indoktrinering kan bety dels opplæring, instruering, dels politisk påverknad, hjernevask. Ordet kjem av doktrine som tyder lære, læresetning, livssyn. Til skilnad frå anna undervisning går indoktrinering ut på å få eleven til å tileigne seg ein gjeven doktrine fullstendig og uten å ville overprøve den eller tillata vesentlige motforestillingar.

På lignende måte som ordet propaganda (som tyder utbredning, spredning, reklame), har ordet på 1900-tallet gått frå å ha ein nøytral funksjon til å verta et skjellsord. Med indoktrinering siktast det dermed vanlegvis til ei meir subtil, mindre openbar form av påverknad, medan propaganda oftare assosierast med overtydelige bodskap.