Ine Kristine Hoem (fødd 19. desember 1985) er ein norsk låtskrivar og artist. Ho er fødd og vakse opp på Grünerløkka i Oslo, men har sterke røter i Fræna i Møre og Romsdal, som far hennar Edvard Hoem kjem frå.[1]

Ine Hoem

Fødd19. desember 1985 (38 år)
FødestadOslo
OpphavNoreg
Sjangerjazz
PlateselskapPropeller Recordings
Verka sommusikar, komponist, jazzsanger
FarEdvard Hoem

I musikken sin hentar ho inn element frå både moderne popmusikk og jazz-universet.

Hoem sitt gjennombrot kom med albumet Angerville,[2] og singelen «This Year»[3] har over 4 millionar avspelingar på Spotify. Låten fekk mykje speletid på norsk radio, og figurerte òg i den amerikanske TV-serien Degrassi.

I 2017 kom oppfølgaren Moonbird[4], produsert i samarbeid med Tobias Frõberg (Ane Brun, Bjørn Eidsvåg). I kjølvatnet av albumsleppet turnerte Ine Hoem som support for Veronica Maggio[5] og spelte ei mengd klubbkonsertar og festivalar i Noreg.

Ine Hoem sitt tredje album Hundre Dager vart sloppe 24. januar 2020[6] og er hennar første med norsk tekst. Albumet fekk god kritikk i norsk presse. Hundre dager er produsert i samarbeid med Markus Lillehaug Johnsen (Marthe Wang – Ut og se noe annet, 2017) i samspel med David Wallumrød (keys), Bjørn Sæthre (trommer) og Jo Berger Myhre (bass).[7]

Ine Hoem er tidligare vokalist i bandet PELbO, og har medverka på ei rekke norske jazzutgivingar, og samarbeidd med musikarar som Jo Skaansar, Trygve Seim og Kjetil Bjerkestrand. Ho vann seinare Musikkprisen i regi av Ocean Sound Recordings, vart nominert til Bendiksenprisen i 2015 og er NTNUs ambassadør på livstid.[7]

Diskografi endre

Singel endre

Referansar endre

  1. All Things Live (01.12.2019). «Ine Hoem». All Things Live. Henta 30.01.2020. «Hun er født og oppvokst på Grünerløkka i Oslo, men har sterke røtter til Fræna i Møre og Romsdal der hennes far Edvard Hoem kommer fra.» 
  2. «Angerville» (på engelsk). Henta 30. januar 2020. 
  3. «This Year» (på engelsk). Henta 30. januar 2020. 
  4. «Moonbird» (på engelsk). Henta 30. januar 2020. 
  5. Henriksen, Vera (19. januar 2017). «– Jeg er en Maggio-fan». rbnett.no (på norsk bokmål). Henta 30. januar 2020. 
  6. «Hundre dager» (på engelsk). Henta 30. januar 2020. 
  7. 7,0 7,1 «Bio». INE HOEM (på engelsk). Henta 30. januar 2020.