Opna hovudmenyen
Holtz sin influensmaskin

Influensmaskin eller elektrisermaskin er ein maskin som verkar ved elektrostatisk induksjon. Han består av ein fast og ei roterande plate av isolerande material som glas, ebonitt eller liknande, forsynt med leiande, radielt stilte segment. Segmentet til den fasta skiva er konstant oppladd, og ved rotasjon blir ladningar indusert i dei roterande segmenta, positiv på den eine sidan og negativ på den andre sida av plata. Det eine slags ladningar blir straks fjerna ved slepebørstar, det andre følgjer med i rotasjonen og blir teke av med andre børstar som er forbunde med polane til maskina. Influensmaskiner kan gje spenningar på over 100 000 volt. Dei blir no brukt mest til demonstrasjonsforsøk.

KjelderEndra