Inge Edler
Inge Gudmar Edler (17. mars 1911–7. mars 2001) var ein svensk lege. Saman med ingeniøren Carl Hellmuth Hertz laga han dei første bileta av eit hjarte med ultralyd (ekkokardiografi), 29. oktober 1953.
Inge Edler | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 17. mars 1911 Burlövs kommun |
Død | |
Yrke | lege, kardiolog |
Språk | engelsk |
Inge Edler var leiar av det kardiologiske laboratoriet ved universitetsjukhuset i Lund då han og Hertz lånte eit ultralydapparat nytta til materialprøving frå skipsverftet Kockums. Etter å ha modifisert det så bileta kunne lagrast, gjorde dei opptak av eit hjarte.
Edler og Hertz fikk Laskerprisen i 1977 for oppdaginga.
Kjelder
endre- Fraser AG: Inge Edler and the origins of clinical echocardiography. European Jounal of Echocardiography. 2001 (2), 3-5.
- Om Inge Edler frå Det medisinske fakultetet i Lund Arkivert 2006-02-17 ved Wayback Machine.