Inge M. Lyse

norsk ingeniør

Inge Martin Lyse (22. oktober 18981990) var ein norsk bygningsingeniør frå Forsand, professor i betong og betongkonstruksjonar ved Norges tekniske høgskole i Trondheim.

Inge M. Lyse
Professor Inge Martin Lyse (1940) (4814642373).jpg
Fødd1898
Død1990
NasjonalitetNoreg
Yrkeingeniør
InstitusjonarNoregs tekniske høgskole

Liv og gjerningEndra

Lyse var son til ein gardbrukar på Lyse i Forsand kommune. Han gjekk skulevegen og tok eksamen ved NTH i 1923. Den 9. november 1923 tok han amerikabåten frå Stavanger og arbeidde fram til 1927 som bygningsingeniør med kraftutbygginga i California. I tida 1927-31 var han forskar ved Portland Cement Association i Chicago, deretter var han professor ved Lehigh University i Bethlehem i Pennsylvania fram til 1938.

Frå 1938 var Lyse professor i betongteknikk og betongbruer ved NTH i Trondheim, viserektor 1954-56. Under 2. verdskrigen tok han del i den hemmelege motstandsrørsla. Han var 1951-53 leiar for UNESCO sine folk som tok del i oppbygginga Indias tekniske høgskule.

Lyse var 1953-54 president i det internasjonale forbundet for materialteknisk gransking, og frå 1955 i Norges Tekniske Vitenskapskademi. Same året vart han vald til formann i Norsk Betongforening.

Lyse skreiv ei mengd artiklar og avhandlingar publisert i både norske og utanlandske fagtidsskrift. Han vart tildelt St. Olavs orden i 1966.

KjelderEndra