Ingebjørg Winjum

norsk politikar

Ingebjørg Winjum (f. 1952)[1] er ordførar i Granvin herad i Hardanger frå 2011 og attvald for perioden 2015–2019.[2]

Ingebjørg Winjum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. april 1952 (71 år)
Yrke politikar
Verv Ordførar i Granvin
Periode 2011–
Føregangar Jan Ivar Rødland
Politisk parti Venstre

Winjum representerer Venstre og overtok ordførarvervet etter Jan Ivar Rødland (Ap). På grunn av protestane mot bygginga av «monstermastene» i Hardanger - kraftlinjeutbygginga frå Hardanger til Bergen - stilte ikkje Arbeidarpartiet liste i kommunevalet 2011. Mange veljarar i Granvin måtte difor finna seg eit nytt parti.[3]

Ingebjørg Winjum er utdanna sosionom og er busett i Såkvitne i Øvre Granvin. Ho har uttalt at hennar viktigaste sak er å auka folketalet i heradet.[4]

Fotnotar endre