Ingemar Stenmark (fødd 18. mars 1956) er ein svensk tidlegare alpinist frå Joesjö ved Tärnaby som vann verdscupen i alpine greiner tre år på rad, 1976-78, og vart dobbelvinnar både under verdsmeisterskapen 1978 og vinterleikane 1980. I 1982 vart han verdsmeister i slalåm. Stenmark vann i alt fem gullmedaljar, ein sølv- og ein bronsemedalje i OL og VM i tida 1976-82. I verdscupen i alpine greiner er han den mestvinnande utøvaren sidan tevlingane kom i gang i 1967. I tida frå desember 1974 til februar 1989 vann han 86 renn i verdscupen, 46 i storslalåm og 40 i slalåm.

Ingemar Stenmark

Statsborgarskap Sverige
Fødd 18. mars 1956 (68 år)
Joesjö
Yrke alpinist
Høgd 181 centimeter
Ingemar Stenmark på Commons

Merittar endre

Han vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1979.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar