Inger-Mari Aikio

samisk forfattar

Inger-Mari Aikio (fødd 14. januar 1961), også kjend under namnet Ima, er ein finsk samisk forfattar som skriv på nordsamisk.[1][2] Ho har utgjeve fleire diktsamlingar, dei første under namnet Inger-Mari Aikio og seinare under Inger-Mari Aikio-Arianaick.

Inger-Mari Aikio
Fødenamn Inger-Mari Aikio
Alias Ima, Inger-Mari Aikio-Arianaick
Statsborgarskap Finland
Fødd 14. januar 1961 (63 år)
Utsjoki
Yrke lyrikar, journalist, skribent, filmregissør

Liv og virke endre

Aikio vart fødd i Utsjoki i Finland. Ho gjekk ut vidaregåande skule i 1980, og har studert språk ved Universitetet i Oulu. I 1992 vart ho godkjent omsetjar mellom nordsamisk og finsk og mellom finsk og nordsamisk. I tillegg til forfattarskapen har ho arbeidd som journalist, fotograf og korrekturlesar for avisa Sámi Áigi frå 1982 til 1988, seinare som nyhendejournalist for Yle Sámi Radio.

Diktsamlinga hennar Máilmmis dása (‘Frå verda og hit’) var i 2004 den samiske kandidaten til Nordisk råds litteraturpris.[3]

Bibliografi endre

Bøker
  • Gollebiekkat almmi dievva (DAT 1989), diktsamling
  • Jiehki vuolde ruonas giđđa (DAT 1993), diktsamling
  • Silkeguobbara lákca (DAT 1995), diktsamling
  • Máilmmis dása (DAT 2001), diktsamling (oversatt til norsk, finsk og engelsk)
  • Riebana bihpporgáhkut (DAT 2006), barnebok
  • Suonat (DAT 2008), diktsamling (oversatt til norsk, engelsk, finsk, tysk og ungarsk)
  • Čáhcerávgga gazza (DAT 2011), barnebok
  • Beaivváš čuohká gaba (DAT 2014), diktsamling/«poesilydverk» (på nordsamisk og finsk)
  • Tropihka rievssat (DAT 2017), roman
  • 69 čuoldda (DAT 2018), diktsamling (på nordsamisk og finsk)
  • Buolbmatjávrri eallin (DAT 2020)
  • Otne lea mu maŋimuš beaivi (DAT 2022), prosadikt

I tillegg har ho medverka i ei rekkje antologiar.

Tekstforfattar på musikkalbum
  • Ima ipmašat (DAT 2007)
  • Ima hutkosat (DAT 2011)
  • Ima mánážat (DAT 2015)
  • Ima já Heli párnááh (DAT 2017)
  • Ima da Tiina päärna (DAT 2017)

Kjelder endre

  1. «Inger-Mari "Ima" Aikio-Arianaick». Arkivert frå originalen 25. september 2012. Henta 1. juni 2019. 
  2. biografi Arkivert kopiWayback Machine.; Samisk kunstnerråd
  3. «norden.org». Arkivert frå originalen 13. april 2016. Henta 27. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff endre