Inger Helene Nybråten
Inger Helene Nybråten (fødd 8. desember 1960) er ein tidlegare norsk skiløpar. Ho er vaksen opp og busett i bygda Skrautvål, og ho representerte Skrautvål IL. Nybråten starta karrieren sin med VM-gull på stafetten i Oslo 1982. I OL 1984 gjentok ho stafettgullet. I 1989 tok ho VM-bronse på stafetten, det gjorde ho også i 1991 og 1993. Det vart OL-sylv på stafetten i 1992 og 1994. I 1995 tok ho VM-bronse på 15 km. Ho vart også Noregsmeister 6 gonger.
Inger Helene Nybråten | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. desember 1960 (63 år) Nord-Aurdal kommune |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1988, Vinter-OL 1984, Ski-VM 1982, Ski-VM 1989, Ski-VM 1991, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995 |
Medaljeoversikt
endregull | sylv | bronse | |
---|---|---|---|
Vinter-OL – stafett | 1 | 2 | 0 |
VM – stafett | 1 | 1 | 3 |
VM – 15 km. individuelt | 0 | 0 | 1 |
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
endre- Ski-NM 1978: Nr 10 på 5 km på Konnerud
- Ski-NM 1979:
- Ski-NM 1980: Sølvmedalje på 20 km i Asker
- Ski-NM 1981: Nr 4 på 5 km på Eidsvoll
- Ski-NM 1982: Bronsemedalje på 5 km, 10 km og 20 km på Raufoss
- Ski-NM 1983: Sølvmedalje på 5 km på Lillehammer
- Ski-NM 1984: Sølvmedalje på 5 km i Hof
- Ski-NM 1985:
- Ski-NM 1986: Nr 4 på 10 km på Vang
- Ski-NM 1987: Nr 6 på 5 km i Steinkjer
- Ski-NM 1988: Gullmedalje både på 5 km og 10 km på Vang
- Ski-NM 1989: Gullmedalje på 10 km på Geilo
- Ski-NM 1990: Gullmedalje på 5 km på Gjøvik
- Ski-NM 1991: Bronsemedalje både på 5 km og 20 km i Bodø
- Ski-NM 1992: Gull på 20 km, sølv både 5 km og i jaktstart i Trondheim
- Ski-NM 1993: Nr 6 på 20 km på Dombås
- Ski-NM 1994: Sølvmedalje på 20 km på Koppang, bronse i jaktstart i Vegårshei
- Ski-NM 1995: Gullmedalje på 5 km og bronsemedalje på 15 km i Oslo
Bakgrunnsstoff
endre- «Inger Helene Nybråten» (på engelsk). Olympedia. Henta 22. juni 2022.