Ingerid Blanca Juell Dal (fødd 2. august 1895 i Kristiania, død 27. februar 1985) var ein norsk filosofiorientert språkforskar som er kjent for bidraga sine til germansk lingvistikk.[1]

Ingerid Dal

Fødd2. august 1895
Christiania
Død27. februar 1985
Oslo
NasjonalitetNoreg
Områdegermanistikk, anglistik, nordistikk, språkvitskap
Yrkeprofessor, lingvist, filolog, germanist
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
Universitetet i Heidelberg

Dal tok examen artium (1914) og studerte filologi ved Universitetet i Oslo. Etter den første verdskrigen studerte ho matematikk og lingvistikk ved Universitetet i Heidelberg, der ho tok ein doktorgrad med avhandlinga Lasks Kategorienlehre im Verhältnis zu Kants Philosophie om Immanuel Kant (1925). Den andre doktorgraden sin tok ho ved Universitetet i Oslo med dr.philos.-avhandlinga Ursprung und Verwendung der altnordischen Expletivpartikel of, um (1930). Dal overtok professoratet i germansk filologi etter Jakob Sverdrup same stad (1939–65).

Ho var spesielt interessert i Thomas Mann, Ernst Cassirer og Wilhelm von Humboldt, og skreiv blant anna ein grammatikk som vart mykje brukt i Noreg og Tyskland. Interessene hennar famna òg om engelsk, gotisk, nordisk, høgtysk, nedertysk og nederlandsk, og ho var ein forkjempar for riksmål. Legatet Professor Ingerid Dal og søster Ulrikke Greve Dals pris for humanistisk forskning (200 000 kroner i 2007) vert utdelt årleg.

Ingerid Dal var dotter av forfattaren Signe Greve (1867–1944) og lektor Adolf Martin Dal (1863–1948).[2]

Utmerkingar endre

  • Oppteken i Det Norske Videnskaps-Akademi (1940)
  • Nansenfondets pris for framifrå vitskapleg forsking (1955)
  • Goethemedaljen i sølv (1960) og gull (1976)
  • æresmedlem av Norsk forening for språkvitenskap

Utgjevingar endre

  • Kurze deutsche Syntax auf historischer Grundlage (1942)

Kjelder endre

  1. Ingerid Dal – germanist med verdensry, kronikk i Aftenposten (21.11.1995)
  2. Ottar Grønvik, Ingerid Dal i Norsk Biografisk Leksikon

Bakgrunnsstoff endre