Ingierstrand bad

sjøbad i Nordre Follo kommune

59°49′05″N 10°44′56″E / 59.818°N 10.749°E / 59.818; 10.749

Stupetårnet på Ingierstrand bad.
Ingierstrand bad, danseplassen utanfor restauranten.
Flyfoto over Ingierstrand bad ca. 1945-1950
Foto: Harstad, Karl/Oslo Museum

Ingierstrand bad er eit friluftsbad, sjøbad, på austsida av Bunnefjorden i Nordre Follo kommune, omlag 15 kilometer sør for sentrum i Oslo. I 1936 kjøpte Oslo kommune Ingierstrand bad med eit stort kringliggjande areal for at folk i byen skulle få auka tilgang til sjø og friluftsliv, til saman 2700 mål med ein 5500 meter lang strand. Området var ein part av eigedomen Stubljan, og badeanlegget vart teikna i funksjonalistisk stil av arkitektane Ole Lind Schistad og Eyvind Moestue i 1931 på oppdrag av familien Ingier, som hadde hatt eigedomen Stubljan i ætta frå 1799. Ingierstrand har såleis namn etter denne familien.

Ingierstrand bad var eit populært utfluktsmål frå opninga i 1933, og er framleis i flittig bruk. Her var det sandstrand, svaberg, stupetårn, rutsjebane, friluftsservering, kioskar med sal av iskrem, brus og sjokolade, og ein moderne, fasjonabel spise- og danserestaurant. I tillegg kunne ein i si tid drikke av Radiumkildens «helsebringande vatn». Widerøes Flyveselskap hadde sjøflyhamn her nokre år frå 1934, og det var då høve til å ta seg ein flytur.

Friluftsbadet fekk arkitekturprisen Houens fonds diplom i 1961. Anlegget vart rehabilitert og pussa opp i 2009-2010 etter ha forfalle i fleire år. Det vart verna av riksantikvaren i 2012.

Andre badeplassar i same området er til dømes Bestemorstranda og Bekkensten. Hvalstrand bad i Leangbukta i Asker kommune er eit liknande sjøbad med bygningar og stupetårn i funksjonalistisk stil på den andre sida av Oslo.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre