Ingrid Christensen Kyst

(Omdirigert frå Ingrid Christensen Land)

Ingrid Christensen Kyst er den delen av kysten av Antarktis som ligg mellom Jennings Promontory, ved 72°33′E, og vestenden av West isbrem ved 81°24′E. Han ligg langs den vestlege halvdelen av Princess Elizabeth Land, like aust for Amery isbrem.

Ingrid Christensen Kyst
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis

Ingrid Christensen Kyst
69°30′ S 77°0′ E

Kysten vart oppdaga 20. februar 1935 av kaptein Klarius Mikkelsen i «Tórshavn», eit fartøy eigd av den norske kvalfangstreiaren Lars Christensen. Mikkelsen gjekk i land ved Vestfold Hills same dagen og namngav kysten etter kona til Lars, Ingrid Christensen, som segla i farvatna kring Antarktis i lag med ektemannen. Den sørvestlege delen av kysten vart oppdaga og fotografert frå lufta av U.S. Navy Operation Highjump i mars 1947.[1]

KjelderEndra

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Ingrid Christensen Kyst» (innhald frå Geographic Names Information System).

Koordinatar: 69°30′S 77°0′E