Inna Aleksandrovna Lasovskaja (fødd 17. desember 1969) er ein russisk tidlegare tresteghoppar frå Moskva. Ho sikra seg sølvmedaljen i øvinga ved EM 1994 så vel som ved OL 1996. Dessutan vann ho hall-EM 1994 og hall-VM 1997, begge stemna fann stad i Paris.

Aktiv endre

Lasovskaja vart nummer tre i trestegtevlinga i innandørs-VM 1993 i Toronto med eit hopp på 14,35 meter. Same året hoppa ho 14,68 m og tok andreplassen bak Jolanda Tsjen i den russiske meisterskapen. Den 13. mars 1994 sigra Lasovskaja i innandørs-EM i Paris, med 14,88 meter hoppa ho 16 cm lengre enn landskvinna Anna Birjukova på andreplass. Fem månader seinare bytte dei to plass i EM-finalen i Helsinki, Birjukova vart målt til 14,89 m, Lasovskaja 14,85 m. I den russiske meisterskapen hoppa derimot Lasovskaja til gullmedalje.

Etter fjerdeplass i VM 1995 kneip Lasovskaja sølvmedaljen under OL 1996 i Atlanta. Med 14,98 meter i finalen hoppa ho og Šárka Kašpárková frå Tsjekkia like langt i sine bestehopp. Dermed vart nestbestehoppa avgjerande for medaljestriden, der hadde Lasovskaja 14,70 m, Kašpárková 14,69 m. Verdsrekordhaldar Inessa Kravets, som låg på bak dei nemnde to før de femte omgangen, bykste til med 15,33 m og vart olympisk meister. Same sesongen vart Lasovskaja russisk meister for andre gong.

I byrjinga av mars 1997 hoppa Lasovskaja 15,01 m i innandørs-VM vann ein klar siger. Siste dagen i mai sette ho personleg rekord med 15,09 meter då ho vann eit stemne i Valencia. Ein skade gjorde at ho ikkje deltok i verdsmeisterskapen i Aten. Sidan nådde ho aldri sitt tidlegare nivå før ho la opp i 2002.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre