Hausting av humle i Slovenia i 1961.

Innhausting eller hausting er det å henta eller berga inn ei avling eller ein haust. Ein kan til dømes hausta inn korn, frukt, nøtter, blomar, blad, dyrefôr, fiber- og oljeplantar. Tradisjonelle namn for innhausting av høy er slåttonn, medan innhaustinga av korn har vore kalla skuronn.

Historisk har ein gjerne hausta for hand, men i samband med industrialiseringa av jordbruket er mange typar innhausting blitt meir mekaniserte.[1] Nokre tradisjonelle reiskapar for innhausting er ljå, sigd, bærplukkar og rake. Nyare maskineri er skurtreskar, fôrhaustar, ballpresse og potetopptakar. Det er også gjort forsøk på å utvikla ulike former for robothaustarar.

Innhaustinga føregår ofte om hausten, men kan også gå føre seg andre tider på året. I ulike kulturar finst det ei rekkje ulike haustfestar som markerer innhaustinga.

I overført tyding kan haust visa til eit anna produkt eller resultat, som bokhaust.[2] Det kan også visa til døde, som «valens høst» om folk som har falle på ein valplass, eller «dødens høst» der ein førestiller seg døden som ein slåttekar med ljå.[3]

KjelderEndra

  1. «Fields of automation». The Economist. 12. desember 2009. ISSN 0013-0613. 
  2. «haust» i Nynorskordboka.
  3. «høst - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 27. oktober 2019 
  Denne landbruksartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.