Innsirkling er ein serie romanar av den norske forfattaren Carl Frode Tiller. Målformen til bøkene er nynorsk, og dei er gjevne ut på Aschehoug forlag, den første i 2007. Den første boka vart tildelt Brageprisen, og vart òg nominert til Nordisk råds litteraturpris. 28. september 2009 fekk Tiller som første nordmann EUs litteraturpris for romanen.[1]

I 2010 gav Tiller ut ein frittståande oppfølgjar til Innsirkling, med tittelen Innsirkling 2. Tredje og siste roman i serien kom i 2014.[2][3]

Samandrag endre

Hovudpersonen i boka, David, har mista hukommelsen. Gjennom ein avisannonse med fotografi, vert dei som kjenner han oppfordra til å ta kontakt via brev for å fortelja han kven han var (slik at han skal kunna finna ut kven han er). I første boka svarar to vener frå ungdomstida, i tillegg til Davids stefar, på annonsen. I andre boka er det ein ven frå barndommen og ein frå tidleg ungdom, i tillegg til ei veninne av mora, som svarar. Tredje boka skal i følgje forfattaren handla om studietida til David.[2] David sjølv er ein fråverande hovedperson gjennom heile romanane; han opptrer og vert framstilt utelukkande via breva og forteljingane frå dei andre. Fortida og episodane spelar seg ut i Namsos-traktene på 1980-talet.

Nokre tematiske aspekt endre

Breva er eit forsøk på å konstruera skikkelsen «David». Det å byggja identitet, og funksjonen til forteljinga når identitet vert konstruert, vert dermed eit framtredande aspekt ved Innsirkling. På den måten vert òg «det å fortelja» eit tema – boka har med andre ord eit tydeleg metafiktivt nivå. Eit anna tema som kan seiast å dominera i romanen, er fraværet av farsskikkelsar. Omtrent alle karakterane som opptrer i romanen har mista faren sin, og dei som ikkje har mista faren har til gjengjeld eit heller problematisk tilhøve til han.

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

Omtaler endre