Inoússes (gresk Οινούσσες), òg kalla Oinousses eller Aignoussa, er ei berr, lita øy i Hellas som høyrer til Dei nordegeiske øyane i Egearhavet. Øya ligg om lag 5 km frå Khíos og like vest for Tyrkia og har rundt tusen innbyggjarar.

Inoússes
Lokalt namn Οινούσσες
Sentrum på Inoússes
Sentrum på Inoússes
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 38°31′N 26°13′E / 38.517°N 26.217°E / 38.517; 26.217
Øygruppe Dei nordegeiske øyane

Areal 17,43 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei nordlege egeiske øyane
Khíos
Største busetnad Inoússes (792 innb.)

Demografi
Folketal 826 (2011[1])
Folketettleik 47,4 /km²

Inoússes er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Khíos i periferien Dei nordlege egeiske øyane.[2]

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen Inoússes 826 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 792 innbyggjarar.[1]

Inoússes har ein skule, ei kyrkje, ein landsby og ei lita hamn. Øya er heimstad til rike familiar som Constantine Lemos.

Byar og tettstader endre

Byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[1]
Inoússes 792
Kástro 29
Aspalathrókambos 5

Småøyar i kommunen:

  • Ájos Pandelímonas (0)
  • Arkhondóniso (0)
  • Vátos (0)
  • Gádros (0)
  • Gaidourónisos (0)
  • Malliarópetra (0)
  • Monáftis (0)
  • Nisí Panajás (0)
  • Nisí Píttas (0)
  • Papapondikádiko (0)
  • Pateróniso (0)
  • Pondikonísi (0)
  • Prasonísia (0)
  • Sánda Panajá (0)

Kjelder endre


  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.