Interdikt (av latin interdictum, «forbod») er ei religiøs avstraffing innan den katolske kyrkja som går ut på at kyrkja ein viss stad innstiller verksemda si. Ho delar ikkje ut sakrament og avsluttar alle offentlege gudstenester.[1]

Interdikt kan omfatta ei enkeltkyrkje, eit distrikt, ein provins eller eit heilt land. Straffa kom først i bruk i tidlegmellomalderen, og namnet «interdikt» kom først i bruk rundt år 1200. I mellomalderen var interdiktet eit viktig våpen, som pavar ofte nutta med hell i høve til vanskelege fyrstar og land. I seinare tid har han gått mykje ut av bruk, og blir tortsettberre brukt i form av lokale forbod for svær små område. Det finst likevel framleis såkalla interdictum personale, utestenging av enkeltpersonar som ei mildare form av ekskommunikasjon for lekfolk. For geistlege er interdikt ei mildare form for suspensjon.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «interdikt – kirkelig straff». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018.