Internasjonal meister i sjakk

Internasjonal meister (IM) i sjakk er ein sjakktittel som Verdssjakkforbundet (FIDE) deler ut til svært sterke sjakkspelarar. Tittelen er livsvarig. Internasjonal meister rangerer lågare enn tittelen sjakkstormeister.

For å få tittelen krevst det normalt sett at spelaren har oppnådd sterke resultat i 2 eller 3 internasjonale sjakkturneringar, med til saman minst 27 sjakkparti. Sjakkturneringane må vanlegvis vere på minst 9 rundar. For internasjonale meistrar krevst det ein ratingprestasjon i den enkelte turneringa på minst 2450. Dei må dessutan på eit eller anna tidspunkt ha hatt ein eigen FIDE-rating på minst 2400. (Elo-rating.)

Dei viktigaste andre krava, er at spelaren må ha spela mot minst 2 stormeistrar eller 3 internasjonale meistrar i turneringa, at minst halvparten av motstandarane må ha ein offisiell FIDE-tittel, og at minst ein tredjedel av spelarane må vere frå eit anna land.

Det var per 1. april 2021 3890 sjakkspelarar med IM-tittel.[1]

Internasjonale meistrar i Noreg endre

Dei 2 første frå Noreg som vart utnemnde til tittelen internasjonal meister var:

Noreg hadde per 4. april 2024 36 sjakkspelarar som har tittelen internasjonal meister.[3] Desse er, med året for tittelen i parantes:

I tillegg har alle dei 18 norske spelarane med tittelen Stormeister i sjakk vore internasjonal meister i kortare eller lengre tid, før dei klarte å kvalifisere seg til den gjævare tittelen stormeister.

  • Sebastian Mihajlov (2017), melde overgang frå Noreg til Kroatia frå 11. mai 2023[16]

Kjelder endre

Fotnotar endre