Irakisk geografi er variert og fell inn i fire hovudregionar: ørkenen (vest for Eufrat), Øvre Mesopotamia (mellom øvre Tigris og Eufrat), dei nordlege høglanda i Irakisk Kurdistan og Nedre Mesopotamia, elvesletta som strekkjer eg frå kring Tikrit til Persiabukta.

Irakisk geografi
Topografisk kart over Irak
Topografisk kart over Irak
Topografisk kart over Irak
Kart over Irak
Kart over Irak
Kart over Irak
Plassering
Land Irak
Koordinatar 33°N 44°E / 33°N 44°E / 33; 44
Totale landegrenser 3 809 km
Grenseland Iran 1 599 km, Saudi-Arabia 811 km, Syria 599 km, Tyrkia 367 km, Kuwait 254 km, Jordan 179 km
Geografi
Areal
- totalt:
- land:
- vatn:

438 317 km²
437 367 km²
950 km²
Kystlinje 58 km
Høgder
- høgaste punkt:
- lågaste punkt:

Cheekdah Dar 3 611 moh
Persiabukta 0 moh


Arealbruk
Dyrkbar mark 7,89 %
Permanente avlingar 0,53 %


Anna 91,58 % (2012)
Irrigert land 35 250 km² (2003)
Naturressursar
Petroleum, naturgass, fosfat, svovel
Naturfarar
Sandstormar, flaum
Miljøproblem
statlege vasskontrollprosjekt har drenert det meste av dei busette myrområda aust for An Kshatriya og den ein gong store sjiamuslimske folkesetnaden som budde her har måtte flytte. Øydelegging av naturlege habitat utgjer ein trugsel for dyrelivet i det same området. Mangel på drikkevatn. Luft- og vassforureining. Forsalting av jordsmonnet og erosjon. Ørkenspreiing.

Fjella i nordaust er eit forlenging av fjellområda som går austover frå Balkan gjennom sørlege Tyrkia, nordlege Irak og vidare inn i Iran og Afghanistan, og endar i Himalaya. Ørkenen ligg i dei sørvestlege og sentrale provinsane langs grensene til Saudi-Arabia og Jordan og høyrer geografisk til Den arabiske halvøya.

Irak har ein viktig plass i geografihistoria: ei leirtavle som generelt vert rekna som «det tidlegast kjende kartet» vart graven fram i 1930 under utgravinga av Ga-Sur i Nuzi Yorghan Tepe, nær byane Harran og Kirkuk, 300 km nord for Babylon. Tavla, som måler 17,3 x 19,3 mm, vert vanlegvis datert til dynastiet til Sargon av Akkad mellom 2500-2300 fvt. Arkeologen Leo Bagrow meiner tavla kan vere enno eldre,[1] og har datert ho til Agade-perioden (3800 fvt.).

Geografiske område endre

Dei fleste geografar, inkludert irakiske geografar, deler Irak inn i fire geografiske område: ørkenen i vest og sørvest, dei rullande åsane mellom øvre Tigris og Eufrat (på arabisk høvesvis Dijlis og Furat), høglandet i nord og nordaust og elvesletta som Tigris og Eufrat renn over. Irakiske statistiske rapportar opererer med eit samla landareal på 438 446 km², medan amerikanske publikasjonar opererer med eit areal på 434 934 km².

Øvre Mesopotamia endre

For meir om dette emnet, sjå Øvre Mesopotamia.

Høglandsområdet mellom Tigris nord for Samarra og Eufrat nord for Hit, vert kalla Al Jazira (øya) og er ein del av eit større område som strekkjer seg vestover og inn i Syria mellom dei to elvane og inn i Tyrkia. Elvane i dette området flyt gjennom djupe, bratte dalar, og kunstig vatning er mykje vanskelegare enn på dei lågare slettene. Det sørvestlege området av denne sonen vert rekna som ørken eller halvørken. Dei nordlege områda, som omfattar stader som Ninevehsletta, Duhok og Zakho, består hovudsakleg av middelhavsvegetasjon. Vegetasjonen tørkar ut i periodar og verkar brun og i røynda heilt uttørka om sommaren, og blømer i den våtare vinteren.

Nedre Mesopotamia endre

For meir om dette emnet, sjå Dei mesopotamiske sumpane og Shatt al-Arab.

Ei elveslette byrjar nord for Bagdad og strekkjer seg til Persiabukta. Her ligg nivået til Tigris og Eufrat over den kringliggande sletta fleire stader, og heile området er eit elvedelta fletta saman av leiene til dei to elvane og kunstige vatningskanalar. Periodiske innsjøar, som får vatn frå elvane i flaumtider, pregar òg det søraustlege Irak. Eit heller stort område (15 000 km²) like over samløpet til dei to elvane i Al Qurnah og aust for Tigris mot den iranske grensa er sumpområde, kjend som Hawr al Hammar. Området er eit resultat av hundreår med flaum og dårleg drenasje. Mykje av området er permanente sumpområde, medan somme delar tørkar ut tidleg på vinteren og andre delar berre vert myrlendt i år med større flaumar.

Fordi vatnet i Tigris og Eufrat oppfor samløpet er metta av mudder, fører kunstig vatning og avsetning under flaumar til store mengder slamhaldig leire i det meste av deltaområdet. Det er estimert at deltasletta veks med ein tjukkleik på 20 cm kvart hundreår. Slam ført med vinden medverkar òg til sedimentavsetjinga. I somme område fører store flaumar til midlertidige innsjøar der det vert avsett så mykje som 30 cm med mudder.

Tigris og Eufrat fører òg med seg store mengder salt. Saltet vert òg spreidd over land på grunn av omfattande vatning og under flaumar. Ein høg grunnvasspegel og dårleg drenasje på og like under overflata fører til at saltet vert lagt att i jordsmonnet. Generelt aukar saltinnhaldet i jorda frå Bagdad og sørover til Persiabukta og har lagt ein alvorleg dempar på produktiviteten i regionen sør for Al Amarah. Saliniteten syner seg òg i den støre innsjøen sentralt i Irak, sørvest for Bagdad, kjend som Bahr al Milh (Saltsjøen). Det finst to andre store innsjøar i landet nord for Bahr al Milh: Buhayrat ath Tharthar og Buhayrat al Habbaniyah.

Bagdad-området endre

For meir om dette emnet, sjå Bagdad-belta.

Mellom Øvre og Nedre Mesopotamia ligg storbyområdet kring Bagdad. Desse «Bagdad-belta» kan skildrast som provinsar nær den irakiske hovudstaden og kan delast inn i fire kvadrantar: Nordaust, søraust, sørvest og nrovest. Frå nord omfattar belta guvernementet Salah ad Din, og med klokka ligg Bagdad guvernement, Diyala i nordaust, Babil og Wasit i søraust og rundt til Al Anbar i vest.

Høgland endre

For meir om dette emnet, sjå Nord-Irak.

Det nordaustlege høglandet byrjar like sør for ei linje mellom Mosul og Kirkuk og strekkjer seg til grensa med Tyrkia og Iran. Det høgtliggande området, skilde av vide, bølgjande stepper, går over i fjellkjeder som strekkjer seg frå 1000 til 4000 meter over havet, nær den iranske og tyrkiske grensa. Utanom eit par dalar, er sjølve fjellområdet berre høvande for beite ved foten av fjella og på steppene, der godt jordsmonn og nok regn gjer jordbruk mogeleg. Sjølv her finst det store oljefelt, nær Mosul og Kirkuk. Det nordaustlege området er heimlandet til dei fleste irakiske kurdarar.

Ørken endre

For meir om dette emnet, sjå Den syriske ørkenen og Den arabiske ørkenen.

Ørkensonen er eit område vest og sørvest for Eufrat, er ein del av Den syriske ørkenen og Den arabiske ørkenen, som dekkjer delar av Syria, Jordan, og Saudi-Arabia og det meste av Den arabiske halvøya. Regionen er tynt folkesett av beduinar som driv fedrift og består av vide steinete sletter med enkelte sandområde. Eit vidt forgreina mønster av wadiar - vassløp som er tørre det meste av året - strekkjer seg frå grensa til Eufrat. Somme wadiar er over 400 km lange og fører berre vatn i korte periodar etter kraftig nedbør på vinteren.

Det vestlege og sørlege Irak er eit stort ørkenområde som dekkjer 168 000 km², nesten 40% av landet. Den vestlege ørkenen, ei forlenging av Den syriske ørkenen, stig til høgder på opp til 490 meter over havet. Den sørlege ørkenen vert kalla Al-Hajarah i vest og Al-Dibdibah i aust. Begge ørkenane er ein del av Den arabiske ørkenen. Al Hajarah har eit komplekst terreng med steinete ørken, wadiar, ryggar og søkk. Al-Dibdibah er ein meir sandete region dekt av ein viss vegetasjon. Høgda på den sørlege ørkenen ligg mellom 300 til 800 meter over havet. Fjellet 'Unayzah har ei høgd på 951 meter over havet og ligg i grenseområdet mellom Jordan, Irak og Saudi-Arabia. Den djupe Wadi Al-Batin strekkjer seg 75 km frå nordaust til sørvest gjennom Al-Dibdibah. Sidan 1913 har dette vore grensa mellom det vestlege Kuwait og Irak.

Tigris-Eufrat-systemet endre

For meir om dette emnet, sjå Tigris-Eufrat-systemet.
 
Snødekte fjell i Nord-Irak.

Eufrat spring ut i Tyrkia, og får tilførsel frå elvane Balikh og Khabur i Syria, og går inn i Irak i nordvest. Her får ho berre vatn frå wadiar i den vestlege ørkenen dei få gongane det regnar på vinteren. Ho snor seg så gjennom ei kløft som er frå to til 16 kilometer brei, før ho flyt ut på sletta ved Ar Ramadi. Bortafor sletta renn Eufrat vidare til Hindiyadammen, som vart bygd i 1914 for å leie elva inn i Hindiyah-kanalen; dagens Shat al-Hillah hadde vore hovudkanalen til Eufrat før 1914. Nedanfor Al Kifl, følgjer elva to kanalar til As-Samawah, der ho går attende til eit enkelt løp og møter Tigris ved Al Qurnah.

Tigris spring òg ut i Tyrkia, men får stor tilførsel frå fleire elvar i Irak og dei viktigaste av desse er Khabur, Store Zab, Vesle Zab og Adhaim, som alle munnar ut i Tigris oppfor Bagdad, og Diyala, som renn ut i Tigris kring 26 km nedafor Bagdad. Ved Kutdammen vert det meste av vatnet leidd inn i Shatt al-Hayy, som ein gong var hovudkanalen til Tigris. Vatn frå Tigris renn dermed inn i Eufrat gjennom Shatt al-Hayy godt oppfor samløpet mellom dei to elveleia ved Al Qurnah.

Både Tigris og Eufrat går gjennom fleire løp i sumpområdet, straumen i elva vert kraftig redusert før dei kjem i lag ved Al Qurnah. I tillegg fungerer sumpane som slamfangarar, og Shatt al-Arab er relativ mudderfri vidare sørover. Nedafor Basra renn derimot Karun ut i Shatt al-Arab frå Iran, og fører med eg store mengder mudder som gjev eit kontinuerleg oppmudringsproblem for å halde kanalen farbar for havgåande fartøy inn til hamna i Basra. Dette problemet har auka på grunn av fleire hindre for elvetrafikken, der søkkte båtskrog har lege og rusta i Shatt al-Arab sidan tidleg i den iransk-irakiske krigen.

Vatnet frå Tigris og Eufrat er i røynda livsnerven til landet, men stundom kan vatnet òg vere ein trugsel. Elvane har lågast vassføring i september og oktober, og er høgast frå mars til mai, då dei kan føre førti gonger så mykje vatn som den minte vassføringa. Men vassføringa kan variere med ti eller fleire gonger så mykje som eit anna år. I 1954 var til dømes Bagdad alvorleg truga av flaum og vatnet rann nesten over dika som verna byen. Etter Syria bygde ein dam på Eufrat har vassføringa blitt kraftig redusert og flaum vart ikkje eit problem lenger i midten av 1980-åra. I 1988 bygde òg Tyrkia ein dam på Eufrat som vidare reduserte vassføringa.

Fram til midten av 1900-talet var forsøk på å kontrollere vatnet hovudsakleg i samband med vatning.

Korallrev endre

Utafor kysten av Irak er det eit levande korallrev som dekkjer eit område på 28 km² i Persiabukta ved munningen av Shatt al-Arab. Korallrevet vart oppdaga av ein felles irakisk-tysk ekspedisjon i september 2012 og mai 2013.[2] Før oppdaginga trudde ein ikkje at Irak hadde korallrev.

Klima endre

 
Köppen si klimaklassifisering i Irak.
 
Sandstorm i Irak 30. juli 2009.

Klimaet i Irak er hovudsakleg varmt ørkenklima eller varm halvørken i nord. Middeltemperaturen er ofte over 40 °C i lågare høgder om sommaren (jun til august), medan temperaturen kan falle under 0 °C om vinteren[3] Varmerekorden i Irak er på 52 °C, nær An Nasiriyah den 2. august 2011.[4] Det meste av nedbøren kjem frå desember til april og er i snitt mellom 100 og 180 mm i året. Fjellområda i Nord-Irak får lang meir nedbør enn dei sentrale og sørlege områda og har eit middelhavsklima. Ved foten av fjella og på steppene sør og sørvest for fjella er årsnedbøren 320 til 570 mm. I fjella kan ein få opp til 1000 mm nedbør i året.

Kring 90 % av årsnedbøren kjem mellom november og april, og det meste frå desember til mars. Dei andre seks månadane, og særleg dei varmaste frå juni til august, er ekstremt tørre.

Somrane er markert av to forskjellige vindfenomen. Den sørlege og søraustlege sharqi, ein tørr, støvete vind med vindkast på over 20 m/s, oppstår frå april til tidleg i juni og igjen frå seint i september til november. Han kan vare frå ein dag til fleire dagar. Denne vinden fører ofte til kraftige sandstormar som kan nå høgder på fleire tusen meter og stenge flyplassar i korte periodar. Frå midten av juni til midten av september er den rådande vinden frå nord og nordvest og vert kalla shamal. Det er ein jamn vind, som berre forsvinn i korte periodar i desse månadane. Den særs tørre lufta som shamalen fører med seg gjer at bakken vert kraftig soloppvarma, men vinden kan ha ein viss avkjølande effekt.

Kombinasjonen av regnmangel og ekstrem varme gjer at det meste av Irak er ein ørken. På grunn av kraftig fordamping, tapar jordsmonn og planter raskt den vesle fukta som vert tilført frå regn, og vegetasjonen kunne ikkje ha overlevd utan kunstig vatning. Somme området har likevel naturleg vegetasjon som står i kontrast til ørkenen. I Zagrosfjella nordaust i Irak er det permanent vegetasjon, med blant anna eik og i sør er det daddelpalmar.

Miljøavtalar endre

Irak er delaktig i avtalar som omhandlar biologisk mangfald, havrett, vern av ozonlaget

signert, men ikkje ratifisert: Miljømodifisering

Kjelder endre

  1. Encyclopædia Britannica: Maps and geography in the ancient world[daud lenkje]
  2. Thomas Pohl; Sameh W. Al-Muqdadi; Malik H. Ali; Nadia Al-Mudaffar Fawzi; Hermann Ehrlich; Broder Merkel (6 March 2014). «Discovery of a living coral reef in the coastal waters of Iraq». Scientific Reports. doi:10.1038/srep04250. Henta 10. september 2017. 
  3. «Weather longterm historical data Bagdad, Iraq». The Washington Post. 1999. Arkivert frå originalen den 29 June 2014. 
  4. Brugge, Roger. «World weather news, August 2011». Department of Meteorology, University of Reading. Arkivert frå originalen den 29 June 2014.