Irane Marie Dunne (20. desember 18984. september 1990) var ein amerikansk teater- og filmskodespelar og songar.

Irene Dunne

Fødd20. desember 1898
FødestadLouisville
Død4. september 1990 (91 år)
DødsstadLos Angeles
AliasFirst Lady of Hollywood, Irene Dunne Griffin, Dunnie
Aktive år1922–1962
Verka somfilmskodespelar, teaterskodespelar, fjernsynsskodespelar, songar, delegat, skodespelar
PrisarKennedy Center Honors, Papal Lateran Cross, Laetare Medal, Los Angeles Times Women of the Year Silver Cup, Ridderordenen av den hellige grav i Jerusalem, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Dunne var fødd i Louisville i Kentucky. Faren, Joseph Dunn, var statleg dampbåtinspektør,[1] og mora, Adelaide Henry, var ein musikkpedagog frå Newport i Kentucky.[2] I 1909, då Dunne var elleve år gammal, døydde far hennar.

Skodespelar endre

Dunne vann eit stipend til Chicago Musical College. Ho turnerte til å byrja med saman med eit selskap og spelte musikalske komediar. Broadwaydebuten hennar kom i 1923 og ho hadde hovudrolla i mange musikalar. Seinare gjekk ho til filmen.

Dunne blei nominert fem gonger til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle, for rolletolkingar i filmane Cimarron (1931), Theodora slår sig løs (1936), Hvor har du vært i natt? (1937), Stevnemøte (1939) og Vi kan stole på mamma (1948). Ho blei teken med på International Best Dressed List Hall of Fame i 1958.

I 1957 utnemnde president Dwight D. Eisenhower Dunne til ein av fem alternative amerikanske delegatar til SN som heider for dei mange velgjerande gjerningane hennar og interessa ho hadde for diverse konservative katolske og republikanske føremål. I 1965 blei ho vald inn som styremedlem i Technicolor, som den første kvinna nokonsinne vald inn i dette styret.

Dunne fekk dottera Mary Frances (fødd Anna Maria Bush) saman med ektemannen Francis Dennis Griffin. Dei adopterte henne i 1938 frå eit sjukehus for hittebarn i New York.

Dunne døydde fredeleg heime i Holmby Hills i Los Angeles i 1990.

Ho vart gravlagd på Calvary Cemetery i East Los Angeles i California. Dei personlege papira hennar blir tekne vare på ved University of Southern California. Dunne blei tildelt ei stjerne ved Hollywood Walk of Fame ved 6440 Hollywood Boulevard.


Filmar endre

(utval)

  • 1931 – Cimarron
  • 1935 – Roberta
  • 1936 – Show Boat
  • 1936 – Theodora slår sig løs
  • 1937 – Hvor har du vært i natt?
  • 1938 – Fryd dig ved livet!
  • 1939 – Stevnemøte
  • 1939 – Da morgenen kom
  • 1940 – Min favoritthustru
  • 1941 – Flirt og alvor
  • 1941 – Bare to
  • 1942 – Lady in a Jam
  • 1943 – Helter dør aldri
  • 1944 – Dovers hvite klipper
  • 1944 – Hun ga seg til slutt
  • 1946 – Eventyr i Siam
  • 1947 – Far og vi andre
  • 1948 – Vi kan stole på mamma
  • 1950 – Verdensdame vandrer vest
  • 1950 – Han ville se dronningen

Kjelder endre

Bibliografi
  1. Gehring 2003, s. 7.
  2. Ward 2006.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Irene Dunne