Irene Papas

gresk skodespelar

Irene Papas (fødd 3. september 1926 som Irini Lelekou) er ein gresk skodespelar og stundom songar. Ho har spelt i over 70 filmar i ein karriere som har vart meir enn femti år.

Irene Papas
Irene Papas - Trojan Women.jpg
i The Trojan Women (1971)
Fødenamn Irene Lelekou
Fødd 3. september 1926 (94 år)
Khiliomodi i Korinth i Hellas
Yrke skodespelar, songar, filmskodespelar, plateartist
Aktive år 1948–2003
Irene Papas på Commons

Papas byrja den tidlege karrieren hennar i Hellas, oppdaga av Elia Kazan, og vart kjend i heimlandet, før ho spelte i internasjonale filmar som Kanonene ved Navarone og Zorba, og kritikarroste filmar som Z og Electra. Ho har fleire gonger spelt kvinner frå tragdiar frå antikken, som Helena i The Trojan Women, Clytemnestra i Iphigenia, Electra og Antigone. Ho spelte rolla som Katarina av Aragon i filmen Anne of the Thousand Days, i lag med Richard Burton og Geneviève Bujold i 1969. I The Trojan Women spelte ho mot Katharine Hepburn.

I 1976 spelte ho i filmen Mohammad, Messenger of God (òg berre kjend som The Message) om opphavet til islam og meldinga til Mohammed. Ein av dei siste filmane ho spelte i var Captain Corelli's Mandolin. Ho arbeider i dag i teateret i Portugal.

I 1978 samarbeidde Papas med Vangelis i ei elektronisk utgåve av åtte greske folkeviser, gjeve ut på ei plate kalla Odes. Dei samarbeidde igjen i 1986 med Rhapsodies, ei elektronisk utgåve av sju bysantinske salmer. Ho har òg gjeve ut albumet Songs of Theodorakis i 1969, alle sunge på gresk. I 1970 gjesta ho på albumet 666 av den greske rockegruppa Aphrodite's Child på sporet «∞» (uendeleg). Ho roper «I was, I am, I am to come» om att og om att. Sporet vart rekna for utuktig av plateselskapet og førte til at albumet vart halde attende i to år før det endeleg kom ut i 1972. Sporet skapte furore i Hellas.

Utvald filmografiEndra


KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra