Irrlicht
Studioalbum av Klaus Schulze
Språk inkje språkleg innhald
Utgjeve August 1972
Innspelt April 1972 i Berlin
Sjanger Elektronisk, musique concrète, bordunmusikk
Lengd 50:27 (original)
74:27 (2006)
Selskap Ohr
Produsent Klaus Schulze
Klaus Schulze-kronologi 
Irrlicht Cyborg
(1973)


Irrlicht er det første albumet til Klaus Schulze. Det kom ut i 1972 og vart spelt inn utan synthesizer, som Schulze seinare var kjend for å bruke mykje. På Irrlicht nyttar Schulze borduntonar spelt på orgel.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 stars[1]
Piero Scaruffi9/10 stars[2]

Oversyn endre

Den fulle tittelen på albumet er Irrlicht: Quadrophonische Symphonie für Orchester und E-Maschinen. Den atomsfæriske borduntonen minnar om Tangerine Dream-albumet Zeit (som kome same månad) sidan begge har opphav i same ideen. Schulze og Edgard Froese klarte ikkje å bli samde over korleis dei skulle gå fram, og Schulze slutta i bandet.

Schulze nytta hovudsakleg eit øydelagd og modifisert orgel, ei innspeling av eit klassisk orkester, spelt baklengs, og ein øydelagd forsterkar til å filtrere og endre lydane han hadde miksa på eit lydband. Av dette laga han ein symfoni på tre satsar.[3]

Irrlicht vart gjeve ut på det prestisjefyllte krautrock-selskapet Ohr. Fordi Schulze hadde signert kontrakt med dei medan han var medlem av Tangerine Dream, meinte selskapet at soloalbuma hans høyrte til dei òg.[3] Rekasjonen til Schulze var «eg var berre glad for at Irrlicht vart gjeve ut i det heile. Alle andre selskap ville truleg ha avslått albumet».[3]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Klauz Schulze.

Nr.TittelLengd
1.«1. Satz: Ebene»23:23
2.«2. Satz: Gewitter»5:39
3.«3. Satz: Exil Sils Maria»21:25
4.«Dungeon» (bonusspor på nyutgjeving)24:00

På vinylutgåva vart «Ebene» og «Gewitter» kombinert til eit enkelt 29 minuttar langt spor.

Medverkande endre

  • Klaus Schulze – «E-machines», orgel, gitar, perkusjon, zither, stemme, og meir
  • Colloquium Musica Orchestra (4 førstefiolinar, 4 andrefiolinar, 3 bratsjar, 8 celloar, 1 bass, 2 horn, 2 fløyter, 3 oboar)[4] – innspelt som råmaterial så handsama og filtrert på lydband.[3]

Kjelder endre

  1. Allmusic review
  2. Piero Scaruffi review
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 CD-heftet til albumet
  4. Original 1972 LP booklet as quoted at Discogs.

Bakgrunnsstoff endre