Opna hovudmenyen

Isaac Deutscher (3. april 190719. august 1967) var ein polsk-britisk journalist, historikar og politisk aktivist. Han var kjent som ein innsiktsfull kommentator til sovjetisk politikk og samfunnstilhøve.

Isaac Deutscher
Fødd 3. april 1907
Chrzanów
Død

19. august 1967
Roma

Yrke historikar, skribent, sosiolog, journalist, biograf

Innhaldsliste

Tidlege årEndra

Deutscher var fødd i byen Chrzanow i Galicia i Polen, den gong del av keisardømmet Austerrike-Ungarn. Foreldra var religiøst aktive jødar. Han gjekk i lære hos ein hasidisk rabbi, og vart oppteken som lærling i studiet av torahen og talmud. Men då det var tid for hans bar mitzvah hadde han mist trua.

Deutscher studerte litteratur, historie og filosofi på Jagellonia-universitetet i Krakow. 18 år gammal flytta han til Warszawa, der han studerte filosofi og økonomi. Her vart han marxist. I 1926 gjekk han inn i det polske kommunistpartiet. Deutscher vart redaktør for det det forbodne partiet si undergrunnspresse.

I 1933 skreiv Deutscher artikkelen Fare for barbari i Europa. I denne orda han frampå om danning av ein felles sosialistisk-kommunistisk front mot nazismen. Dette synet kolliderte mot den rådande kommunistdoktrinen som såg på sosialdemokratane ("sosialfascistane") som hovudfienden til kommunistpartia. Deutscher vart utstøytt frå partiet for å "spreie panikk i kommunistrekkene". Han vart då trotskist, men braut med denne politiske retninga då Trotskij gjekk inn for å denne ein fjerde Internasjonal. Deretter vart han medlem av det polske sosialistpartiet.

Til StorbritanniaEndra

Deutscher kom i april 1939 til London som utsend medarbeidar for ei polsk-jødisk avis. Han var aldri sidan i Polen, og møtte aldri att nokon av familien sin. Då Tyskland okkuperte Polen lærte han seg engelsk og byrja skrive for engelske publikasjonar. Snøgt var han bidragsytar i vekebladet ''The Economist''.

I 1940 melde han seg til teneste for den polske hæren i Skottland, men vart omgåande internert som "farleg rebell". Han vart sett fri i 1942, gjekk så inn i staben i The Economist. Her var han ekspert på sovjet-tilhøve og europeisk politikk.

Deutscher sitt første store verk var ein biografi om Josef Stalin. Boka, som kom ut i 1949, var meir polemisk enn akademisk. Deutscher gav Stalin ære for å ha bygt ei for sosialisme i Sovjetunionen, endå om det etter Deutschers syn var ei forvrenging av Marx, Lenins og Trotskijs visjonar.

Stalinbiografien førte Deutscher fram i fremste rekke mellom kjennarar av den russiske revolusjonen og av tilhøva i Sovjetunionen. Han følgde opp med sitt mest ambisiøse verk, ein treband biografi om Lev Trotskij. Desse bøkene var basert på detaljerte studiar i Trotskijarkiva ved Harvard University. Mykje av materialet i band tre bygde på ukjent stoff, då enka etter Trotskij gav Deutscher tilgang til ein klausulert del av arkivet.

1960-åraEndra

Med framveksten av venstresympatiar i 1960-åra og i kjølvatnet av Vietnamkrigen, vart Deutscher ein populær figur i universitetsmiljø i Vest-Europa og US-Amerika. Han underviste frå 1965 ved fleire universitet i England (Cambridge) og USA (Berkeley, New York, Princeton, Harvard og Columbia). Hans politiske syn hadde ved den tid vorte ein slags marxistisk humanisme, men han tok aldri avstand frå Trotskij.

Deutscher er rekna som ein av dei beste representantane for marxistiske intellektuelle, med ein gjennomført sakleg og kritisk analyse av dei personane og fenomena han skriv om.

BakgrunnsstoffEndra