Isaac Mizrahi (fødd 14. oktober 1961) er ein amerikansk motedesigner.

Isaac Mizrahi

Statsborgarskap USA
Fødd 14. oktober 1961 (62 år)
Brooklyn
Yrke kreativ direktør, skodespelar, filmprodusent, motedesigner, designar
Språk engelsk
Nettstad http://www.isaacmizrahi.com/
Isaac Mizrahi på Commons

Mizrahi vart fødd i Brooklyn i New York i ein praktiserande sefardisk jødisk familie med opphav i Syria.[1][2] Mizrahi er syskenbarnet åt rockegitaristen Sylvain Sylvain som spela i protopunkbandet New York Dolls.

Mizrahi viste fram sin første kolleksjon i 1987 ved ei messe halden av stormagasinet Bergdorf Goodman. Han fekk straks lovord frå moteskribentar, og fleire moteseljarar bestilte klede av han.[3] I 1992 kjøpte det franske motehuset Chanel seg inn i selskapet hans.[3]

Kjelder endre

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  1. «Isaac Mizrahi». Charlie Rose. Arkivert frå originalen 27. oktober 2010. Henta 18. oktober 2010. 
  2. Malle, Chloe (6. mai 2011). «Fashion Designers Recall Their Mothers' Style». The New York Times. 
  3. 3,0 3,1 Dodes, Rachel (24. juli 2009). «Isaac Mizrahi's QVC Pitch - WSJ.com». Online.wsj.com. Henta 18. oktober 2010.