Isabelle Pedersen

Isabelle Sandstedt Pedersen (fødd 27. januar 1992) er ein norsk friidrettsutøvar frå Bergen som særleg utmerkte seg i 100 meter hekk, ei øving der ho i tida 2011-19 vann sju gull i noregesmeisterskap. I 2012 vart noregsmeister i lengdehopp. Pedersen var medlem i IL Norna-Salhus til 2014, sidan representerte ho IL i BUL.

Isabelle Pedersen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. januar 1992 (32 år)
Bergen
Idrett friidrett
Tok del i

Friidrett under Sommar-OL 2016

Utmerkingar

Karolineprisen

Aktiv endre

16 år gammal kneip Pedersen sølvmedaljen i 100 meter hekk under NM i friidrett 2008, langt bak den suverene landseinaren i øvinga, Christina Vukicevic. Tre år seinare vart Pedersen norsk meister på korthekken for fyrste gong. Året etter braut Pedersen hekkefinalen i NM, derimot sigra ho i lengdetevlinga. Frå 2013 til 2016 sprang Pedersen årleg inn til gullmedalje i 100 meter hekk i noregsmeisterskapen. Under NM i friidrett 2015 sette ho personleg rekord med 12,88 sekund og vart tildelt kongepokalen for prestasjonen.

Både i VM i friidrett 2015 og VM i friidrett 2017 enda Pedersen på niandeplassen i 100 meter hekk. I 2015 fekk ho sluttida 12,86 i semfinalen og i 2017 12,87 sekund, i det siste høvet ein hundredels sekund for seint til å få finaleplass. Gjennom 2017-sesongen forbetra ho sitt personbeste på hekk til 12,83 og så 12,75 sekund.

Pedersen slo den norske rekorden i 100 meter hekk 22. juli 2018 ved eit DL-stemne i London. Tida 12,72 sekund var ei rekordforbetring på 0,02 sekund. I august rauk ho ut or korthekktevlinga i Friidretts-EM med 14. beste tid, ei veke seinare vann ho sitt sjette hekke-gull i NM, på nøyaktig same tid som i EM: 13,04 sekund. I 2019 vart Pedersen noregsmeister på 100 meter hekk for sjuande gong.

Pedersen sin personlege rekord i lengdehopp er 6,14 meter, oppnådd 2013. Hennar personbeste på 100 meter og 200 m lyder på 11,83 og 23,79 sekund, den fyrste er frå då ho vann bronsen på distansen i NM 2013.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre