Isaac Abrabanel

(Omdirigert frå Isak Abravanel)

Isaac ben Juda Abrabanel (14371508), også skrive Abravanel og Abarbanel, var ein portugisisk jødisk statsmann, filosof, bibelkommentator og finansmann.

Isaac Abrabanel

Statsborgarskap Kongedømet Portugal
Fødd 1437
Lisboa
Død

23. september 1508 (70 år)
Venezia

Yrke filosof, forretningsdrivande, lyrikar, teolog, rabbinar, bankier, politikar
Språk hebraisk, portugisisk, spansk, italiensk
Religion Jødedommen
Isaac Abrabanel på Commons

Abrabanel hadde lenge eit embete ved hoffet til kong Alfonso V i Portugal, medan han samtidig arbeidde med statssaker og dreiv teologiske studiar. Då han hamna i unåde hjå etterfølgjaren til kongen, flykta han til Spania, der han vart finansminister hjå Ferdinand II av Aragón.

Då jødane vart fordrivne frå Spania i 1492, reiste han fyrst til Napoli, og flakka seinare omkring.

Mellom dei mange verdifulle skriftene hans kan ein nemne Eksegesar till pentateuken og Daniels bok, kommentarar til Talmúd og Maimonides, og undersøkingar kring kabbalá.

Kjelder

endre