Isak Kimoe (11. desember 18541944) var ein norsk målar. Han er mest kjend for sine mange måleri og blyantskisser frå lokalmiljøet.

Isak Kimoe
Fødd 11. desember 1854
Død

1944

Yrke kunstmålar

Kimoe var fødd på Kimo i Skaundalen i Rissa. Han blei uteksaminert frå Klæbu lærerseminar i 1875. I 1880 blei han uteksaminert frå Trondhjems Læreanstalt, kjemisk-teknisk linje.

USA-opphaldEndra

Isak Kimoe hadde forskjellige lærarjobber før han for fyrste gong reiste til USA, i 1887. Han var tilsett som kjemikar ulike stader, i Colorado, Buffalo i New York og ved ein dynamittfabrikk i Landing i New Jersey. I tida 1889-1890 var han kartteiknar i Chicago.

Under opphaldet i USA blei Kimoe målar. Han studerte målarkunst ved Buffalo Fine Arts Academy i 1903-1904. Han blei kjend med glasgowskulen ved ei utstilling i Albright Art Gallery i Buffalo i 1905.

I løpet av USA-opphaldet var Isak Kimoe heime i Rissa tre gonger og kom heim for fjerde og siste gong i 1907. Etter at Isak Kimoe kom heim til Rissa budde han på kammersloftet på Kimo vestre fram til 1913, då han bygde si eiga stove «Trollstua» same året.

Arbeid og verv i RissaEndra

Kimoe var med i komiteen for utsmykking av Rissa kyrkje i 1914, og i byggjekomiteen for [Rein kyrkje] i 1931.

Han hjelpte til med å byggja stove og telefonsentral i Skaugdalen i 1918. Kimoe blei lærar på framhaldsskulen i Hasselvika i 1922. I 1932 prøvde han seg som forfattar, men blei refusert.

Isak Kimoe trudde sjølv at han måla mellom to og tre tusen bilete. Isak døydde 5. feb. 1944 på Østre Kimo. Han hadde ei dotter, Kristianna (1903-1969). Mange av bileta som han måla kom på utstilling både før og etter han døydde.

Utstillingar og auksjonarEndra

  • Utstilling i Trondhjems Kunstforening. Sal 73 måleri. (1932)
  • Utstilling i Trondhjems Kunstforening. Sal 35 skisser. (1934)
  • Utstilling i Nikolai klinges foretning, Trondheim. (1944)
  • Auksjon i Skaugdalen, Rissa. 657 måleri og 9 blyanttegningar seld. (1970)
  • Salgsutstilling i Galleri Strømmen. 115 seld av 122 måleri. (1971)
  • Salgsutstilling i Rydlings bokhandel. (1971)
  • Utstilling i regi av Rissa Kunstforening. (1986)
  • Utstilling igjen ved Rissa Kunstforening. (1996)

KjelderEndra

  • ...så jeg kan huske det. Om målaren Isak Kimoe, Ivar Kimo, 2004.