Opna hovudmenyen
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Müllemmer.pngFøreslått sletta: Denne artikkelen er føreslått sletta. Du kan diskutera dette på diskusjonssida.

«Hobby» var ei frakteskute bygd med isforsterka eikehud ved Dybvikens Verft i Arendal i 1919 for D/S A/S Bristol (Johnsen & Kildal A/S) i Kristiania.[1] I 1922 vart den selt til Ivar Austad i Tromsø og ombygd til ekspedisjonsfartøy ved Tromsø Skibsverft. Otto Holm var òg blant interessentane.[2] Den var på 266 brutto tonn og hadde ein 320 hk Bolinder råolje-motor.

Ishavsskuta «Hobby»
Ds-hobby.png

Med Otto Holm som skipper fram til 1924, drev ho med frakt langs norskekysten, og dessutan fisk til Spania i 1922. Sonen Astrup Holm overtok som skipper i 1924 og vart kjent med Roald Amundsen som ville bruka skuta på ein ekspedisjon til Grønland (som det ikkje vart noko av). Året etter henta sjøflya «N–24» og «N–25» i seks store kasser frå Narvik den 1. april og gjekk opp til ei råk ved 87 grader.[3] Flyene tok av den 21. mai 1925 med Roald Amundsen og andre som skulle over Nordpolen, og ho patruljerte iskanten i påvente av deira retur.

I 1926 vart skuta utrusta av Louise Boyd og hennar selskap til Franz Josef land for fangst og foto.[4]. Ved eit tilfelle var skuta i nærleiken då Hubert Wilkins og Carl Ben Eielson landa på Svalbard 22. april 1928, så heltane vart frakta til eit jublande Tromsø 15. mai .[5]

Boyd leigde ho atter i 1928 for nok ein fototur, men stilte skuta til disposisjon for Forsvarsdepartementet og leting etter Luftskipet «Italia». Den 19. juni vart flybåten «Latham» med Roald Amundsen borte, og skuta søkte heller etter desse fram til 3. september, då flottøra frå «Latham» vart funne. Turen hadde dekt 16 100 km² mellom Frans Josef land og Grønlandshavet.

I 1930 vart ho selt frå reiarlaget Otto Holms Søner til det statlege Komseverput i Novosibirsk som sidan revolusjonen hadde ansvar for Nordaustpassasjen. Skuta vart omdøypt til Belukha, og brukt til vitskaplege ekspedisjonar ut frå Jenisejbukta[6] og i Karahavet.

ReferansarEndra

  1. «Arendals verksteder». [daud lenkje]
  2. Per Eliassen (12.1.2010). «Sommerpuss etter leteaksjoner i 1928». Tromsø (avis). 
  3. «Hobby ombygges 1922-23». Nordlys. 30.11.2007. 
  4. «Women at the Polar Archives: The Films and Stories of Marie Peary Stafford and Louise Boyd». Prologue Magazine (2). 
  5. Knut Smistad (1.11.2005). «Fotominne: M/S Hobby». Nordlys. 
  6. A. G. Kosti︠a︡noĭ, Jacques C. J. Nihoul, V. B. Rodionov (2004). Physical oceanography of frontal zones in the subarctic seas. Elsevier.