Verdsmeisterskapen i ishockey 1963 vart arrangert i Stockholm i Sverige i tida frå 8. mars til 17. mars 1963. Meisterskapen vart avvikla som ein seriemeisterskap der dei åtte deltakarlanda møttest i innbyrdes oppgjer. Sovjetunionen vart verdsmeister med betre målskilnad enn Sverige, Tsjekkoslovakia kom på bronseplass.

Sverige vann 2-1 over Sovjetunionen i sin andre kamp. Avgjerande for pokalkampen vart det at i lagas siste kamp i turneringa tapte Sverige 2-3 mot Tsjekkosolovakia.

Tabell

endre
Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
1   Sovjetunionen 7 6 0 1 50 - 9 12
2   Sverige 7 6 0 1 44 - 10 12
3   Tsjekkoslovakia 7 5 1 1 41 - 16 11
4   Canada 7 4 1 2 46 - 22 9
5   Finland 7 1 1 5 20 - 35 3
6   Aust-Tyskland 7 1 1 5 16 - 43 3
7   Vest-Tyskland 7 1 1 5 21 - 64 3
8   USA 7 1 1 5 21 - 75 3

Sovjetunionens meisterlag

endre

Målvakter: Viktor Konovalenko, Boris Zajtsev
Forsvarar: Eduard Ivanov, Aleksandr Ragulin, Nikolaj Sologubov, Viktor Kuzkin, Vitalij Davidov
Løparar: Vladimir Jursinov, Venjamin Aleksandrov, Aleksandr Almetov, Boris Majorov, Jevgeni Majorov, Vjatsjeslav Starsjinov, Stanislav Petukhov, Viktor Jakusjev, Jurij Volkov, Jurij Paramosjkin

Kjelder

endre