Ishockey under Vinter-OL 1976

Ishockey under Vinter-OL 1976 vart arrangert i tida frå 2. til 14. februar 1976 i Innsbruck. Kampane vart avvikla på to ulike arenaer i OL-byen, Olympiahalle og Messehalle. Sovjetunionen tok gull, Tsjekkoslovakia sølv og Vest-Tyskland bronse.

Turneringa

endre

12 land deltok i turneringa, som tok til med ei cuprunde. Vinnarane av dei seks cupkampane møttest så til seriespel. Medaljane vart fordelt etter poenghaust og innbyrdes målskilnad.

Finalerunda

endre
Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng
1   Sovjetunionen 5 5 0 0 40 - 11 10
2   Tsjekkoslovakia 5 3 0 2 17 - 10 6
3   Vest-Tyskland 5 2 0 3 21 - 24 4
4   Finland 5 2 0 3 19 - 18 4
5   USA 5 2 0 3 15 - 21 4
6   Polen 5 0 0 5 9 - 37 0

Sovjetunionen sitt meistermannskap

endre

Målvakter: Vladislav Tretjak, Aleksandr Sidelnikov
Forsvarar: Valerij Vasiljev, Vladimir Lutsjenko, Jurij Ljapkin, Gennadij Tsygankov, Sergej Babinov, Aleksandr Gusev
Løparar: Boris Mikhajlov, Valerij Kharlamov, Aleksandr Maltsev, Vladimir V. Petrov, Aleksandr Jakusjev, Vladimir Sjadrin, Boris Aleksandrov, Viktor Sjalimov, Sergej Kapustin, Viktor Zjlutkov.

Kjelder

endre