Ishockey under Vinter-OL 1980
Ishockey under Vinter-OL 1980 vart arrangert i tida frå 7. til 19. februar 1980 i Lake Placid i USA. Kampane vart avvikla på to ulike arenaer i OL-byen, finalerunda i sin heilskap på Olympic Center med plass til 12 000 tilskodarar. USA vann gull, Sovjetunione sølv og Sverige bronse.
Turneringa
endre12 land deltok i turneringa, som tok til med ei opningsrunde med seks lag likt fordelt på to grupper. Dei to beste laga i kvar av gruppene gjekk vidare til ei finalerunde. Nummer tre og fire i gruppene gjekk direkte til respektive plasseringskampar. Noreg enda sist i Gruppe B med eitt poeng, etter uavgjort mot Finland.
Laga som deltok i finalerunda drog med seg innbyrdes oppgjer i gruppespela. Arrangørlandet USA, som hadde eitt poeng etter uavgjort mot Sverige, møtte fyrst storfavoritten Sovjetunionen. Kampen enda med 4-3-siger til USA, og har gått inn i USA-amerikansk idrettshistorie som «Miracle on Ice». Det sovjetiske ishockey-landslaget hadde vunne alle kampane med stor margin, og knapt tapt ein kamp på fleire år. Av storpolitiske grunnar tilla den USA-amerikanske allmenta sigeren ekstra vekt. Men det var fyrst dagen etter sovjetkampen USA kunne heve OL-pokalen, då laget vann 4-2 over Finland.
Finalerunda
endrePlass | Lag | Kampar | Sigrar | Uavgj. | Tap | Målskår | Poeng |
---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | USA | 3 | 2 | 1 | 0 | 10 - 7 | 5 |
2 | Sovjetunionen | 3 | 2 | 0 | 1 | 16 - 7 | 4 |
3 | Sverige | 3 | 0 | 2 | 1 | 7 - 14 | 2 |
4 | Finland | 3 | 0 | 1 | 2 | 7 - 11 | 1 |
USA sitt meistermannskap
endreMålvakter: Jim Craig, Steve Janaszak
Forsvarar: Ken Morrow, Mike Ramsey, Bill Baker, Jack O’Callahan, Bob Suter
Løparar: Dave Silk, Neal Broten, Mark Einar Johnson, Steve Christoff, Mark Wells, Mark Pavelich, Eric Strobel, Mike Eruzione, Dave Christian, Rob McClanahan, Buzz Schneider, John Harrington, Phil Verchota
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Olympische Winterspiele 1980/Eishockey» frå Wikipedia på engelsk, den 18. april 2020.