Isla de Lobos[1]) er ei lita øy i Kanariøyane i Spania, berre 2 km nord for øya Fuerteventura. Ho har eit areal på 4,6 km². Øya har vore eit naturreservat utan permanent menneskeleg busetnad sidan 1982. Turistar kan nå øya via ein kort båttur frå Corralejo på Fuerteventura. Øya har nokre fasilitetar og nokre hus for lokale fiskarar. Det lokale fyret vart automatisert i 1968.

Luftfoto av Isla de Lobos med hamna Corralejo på Fuerteventura Island i det øvste venstre hjørnet

I 1405 var Isla de Lobos forsyningsbase då Jean de Béthencourt erobra Fuerteventura.

Galleri endre

Fotnotar endre

  1. Tyder «Ulveøya», men viser til munkeselen som lokalt vart kalla lobo marinero («sjøulv», som i sjøløve). Desse dyra er no utdøydde på Kanariøyane

Kjelder endre

28°45′N 13°49′W / 28.750°N 13.817°W / 28.750; -13.817

Bakgrunnsstoff endre