Islandshest er ein kaldblodig hesterase som utvikla seg på Island frå mellomalderen av. Han er kjend for å ha gangartane tølt og pass i tillegg til dei vanlege hestegangartane skritt, trav og galopp.

Islandshest med tjukk pels om vinteren.
Foto: Andreas Tille
Islandshest i gangarten tølt.

Historie endre

Den islandske hesten blei frakta til Island under landnåmstida, då nordmenn frå Vestlandet og Nord-Noreg utvandra i stor stil frå 874 og utover. På grunn av den geografiske isolasjonen til Island har hestane ikkje blanda seg med andre typar, og stammar dermed frå hestane til dei norske vikingane. Samstundes har hestane tilpassa seg det harde islandske klimaet gjennom naturleg utval. Islandshesten er fjernt i slekt med den mongolske Przewalskihesten, og nært den norske fjordingen og nordlands- eller lyngshest.

Fordi dei har vore isolerte har hestane dårleg motstandskraft mot framande sjukdommar, og det finst strenge lovar for å verna dei. Islandshestar som har vore ute av landet får ikkje venda attende, og alt importert hesteutstyr må vera nytt eller desinfisert.

Den første importen av islandshest til Noreg var i 1959. Rasen fekk utstillingsrett i 1971. Det er registrert om lag 5000 islandshestar i Noreg, i alt er det no kanskje opp mot 8000.

Skildring endre

Mankehøgda på hesten varierer mellom 135 og 145 cm og vekta er 350-400 kg. Islandshestar kan ha eit vidt spekter av fargar. Det vanlegaste er raudt og brunt i ulike nyansar, men skimmel, grått, gult, brokete, blakk, svart, kvit, flekkete og botete og ymse mellomfargar finst også. Om sommaren er pelsen kort og blank, men om hausten får han den tjukke vassavstøytande pelsen som gjer det mogleg for han å gå ute heile vinteren.

Islandshesten har eit stort, kraftig hovud og har ein sterk rygg som kan bere ein vaksen mann.

Islandshesten er eigentleg ein ponni. Han har utvikla seg i eit hardt klima og ein karrig natur, og er robust, sunn og uthaldande. Hesten har ein sjølvstendig natur og er temperamentsfull og godlynt. Han er lettbygd og høgreist og har særeigne rideeigenskapar.

Bruk endre

Islandshesten veks og modnast langsamt. Innriding skal ein derfor først ta til med når hesten er fire-fem år. For tidleg bruk kan svekkje beina og ryggen og skade temperamentet og viljen. Til gjengjeld kan ein rekne med å bruka han i 10-15 år.

Islandshesten er i dag ein hest som ein brukar i sport og fritidsridning. Islandshestar kan konkurrere i passløp eller gangartskonkurransar. Han er ein fin familiehest som alle kan ri om han er rett trent. Han er ein god tur- og konkurransehest, men kan også brukast til lettare klasser i dressurriding og sprang.

Gangartar endre

I tillegg til dei tre vanlege gangartane har islandshesten også pass og tølt. Tølt var inntil for hundre år sidan ein allment kjend gangart hjå mange hesterasar. I tølt set hesten eitt bein i bakken om gongen som i skritt, men flytter lynsnart vekta frå eit bein til det neste slik at hesten «rullar» seg fram. Gangarten blir også kalla flygande skritt. På grunn av den hurtige firetaktsrørsla er denne gangarten svært behageleg for ryttar.

Pass er ei totaktsrørsle der hesten flytter samsidige bein parallelt framover. Pass i sakte tempo er ikkje ønskt, men i si fulle utvikling blir denne gangarten hos temperamentsfulle hestar til flygande pass.

Avl og vurdering endre

Islandshest-konkurransane er lagde opp etter eit internasjonalt vurderingssystem som er tilpassa rasen. Det blir konkurrert i fleire disiplinar og gangartar og arrangert nasjonale meisterskap og europameisterskap.

I avlsplan legg ein vekt på eksteriør med 40% og rideeigenskapar med 60%. Eksteriøret blir vurdert etter desse delmomenta: hovud; hals, skulder og bog; overlinje; proporsjonar; bein/beinkvalitet; beinstilling; hovar; man og hale.

Rideeigenskapane blir vurderte ut frå tølt og sakte tølt, trav, pass, galopp og sakte galopp, vilje og lynne, form under ryttar og skritt.

Alle delmomenta blir poengsette frå 5 til 10.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Islandshest