Isle of Thanet
Isle of Thanet er ei tidlegare øy som i dag er det austlegaste punktet i Kent i England. Tidlegare var det fleire hundre meter mellom fastlandet og øya, men sundet mudra til og ho er i dag berre ei halvøy. Arkeologiske funn viser at det har budd menneske her sidan steinalderen. I dag er staden ein turistdestinasjon og eit jordbruksområde. Frå hamnebyen Ramsgate går det båtar til kontinentet. Hovudbyen på Thanet er landsbyen Minster-in-Thanet.
Under romarane var Richborough på andre sida av Wantsum-kanalen ein av dei viktigaste hamnebyane deira i Storbritannia. På denne tida var Thanet ei øy. Det siste skipet segla mellom øya og fastlandet i 1672.[1]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Isle of Thanet» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Wantsum Channel, arkivert frå originalen 27. mai 2012, henta 24. januar 2010