Isotophydrologi er ei grein innan hydrologien der ein nyttar isotopinnhaldet i is, flytande vatn eller vassdamp til å rekna ut alderen eller opphavet til vatnet. I paleoklimatologien kan ein ved hjelp av isotopanalyse attskapa forhistoriske klima.[1]

Skildring endre

Vassprøver har unike fingeravtrykk, dels fordi dei har forskjellige delar oksygen- og hydrogenisotopar. Isotopar er variantar av same grunnstoff med eit anna tal nøytronar i kjernen.

Luft, jord og vatn inneheld hovudsakleg oksygen 16 ( ), men oksygen 18 ( ), som har to ekstra nøytronar, utgjer om lag to promille. Denne isotopen er noko tyngre og vil føretrekka den flytande fasen framfor å fordampe. Ein seier at isotopen vert fraksjonert, sidan dampen får eit lægre isotopinnhald enn væska. Saltvatn plar difor å vera rikare på   enn vassdamp og nedbør.[2]

Kjelder endre

  1. Robert Mulvaney (2016). «How are past temperatures determined from an ice core?» (på engelsk). Scientific American. Henta 2. oktober 2017. 
  2. Gabriel Bowen. «Background information on H- and O-isotopes in water» (på engelsk). University of Utah. Henta 2. oktober 2017.